Sårbar i verdaKristian Bergquist skriv enkelt og utan lyrisk jåleri.DiktKristian Bergquist:Sitt hos meg
Kristian Bergquist skriv enkelt og utan lyrisk jåleri.
Kristian Bergquist har skrive seks diktsamlingar så langt.
Foto: Pernille Marie Walvik
«Ingen er bedre/ enn meg/ til plutselig/ å falle/ ut av universet/ og/ bare bli borte». Slik lyder dei siste versa i den sjette diktboka til Kristian Bergquist, Sitt hos meg. Diktbøkene til Bergquist har hatt for vane å gå under bokmeldarradaren, og det er det ingen openberr grunn til.
Vern mot nederlag
Ein kjenslevar, melankolsk og sårbar nerve borar seg gjennom desse dikta og forgreinar seg i versa. Her møter ein røysta til ei outsidersjel som balanserer på kanten av avgrunnen i freistnaden på å finne ut korleis ho skal leve. At diktremsene ikkje endar i kynisk pessimisme, kjem av at det òg finst dikt som lekamleggjer ein lengt etter fellesskap, nærleik og tilhøyrsle. Me høyrer at eg-personen har flytta til fjells og barrikadert seg i ei hytte. Det er ikkje for å stengje ute verda, snarare for å verne seg mot nye nederlag.
Kristian Bergquist skriv ikkje ein fortenkt, akademisk poesi. Lyrikken er beinveges, eksistensiell, naken og sårbar i alle ledd. Subjektet riggar ned form- og språkfasadane og legg seg ope. Poesien er for Bergquist sekretær for den fortrulege talen og den uforfalska sjølvrefleksjonen.
Eksistensielt
Sjølv om verda verkar å skrumpe faretruande kring eg-personen, vert ikkje dikta til innovervende monologar. For omverda og fellesskapen sirkulerer i høgste grad i diktspråket til Bergquist. Poeten måler til dømes eksistensen mot gjengse seiemåtar: «det er en dag/ i morgen òg/ kan folk si/ men jeg er/ ikke alltid så/ sikker på det». I andre dikt fotfølgjer poeten eit språkbilete, eller presenterer – idet han ser utover frukostbordet – ei uventa tolking av varedatomerkinga «best før». Eit trivielt fenomen kan brått få uana eksistensielle dimensjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.