Kunst
Sår, rivner, foldar
På Henie Onstad Kunstsenter finn du no Magdalena Abakanowiczs majestetiske og mystiske skulpturar, men eg saknar ein volumknapp.
Magdalena Abakanowicz: «Abakan oransje», 1968, av sisal. Verket heng til vanleg på Nationalmuseum i Stockholm.
Foto: Christian Tunge / Henie Onstad Kunstsenter
Etter Stalins død i 1953 blei forboda mot modernismen lempa på. I land som Polen kunne kunstnarar, musikarar og filmskaparar i større grad eksperimentere og knyte kontaktar i Vesten.
I generasjonar har folkeslag over heile verda tvinna, fletta, vove og sydd med ulike typar fiber, ofte for å lage klede eller telt, som vern mot kulde, vind, regn eller steikande solskin.
I Polen var tekstilkunst relativt tidleg anerkjent som eit kunstnarisk uttrykksmiddel, og det hadde akademistatus. Dei gamle vevetradisjonane, som først og fremst var vidareførte på landsbygda, blei kombinerte med nye, avantgardistiske tendensar frå resten av Europa.
Den polske kunstnaren Magdalena Abakonowicz (1930–2017) skildra fiber som eit grunnleggjande element i alt organisk, frå eit blad til indre organ, men såg også potensial til å uttrykkje tankar og kjensler. Ho samanlikna det å jobbe med fiber med det å handtere mysterium. Den ekspressive tekstilkunsten vaks fram.
Sensurert gjennombrot
Den første separatutstillinga til Abakonowicz, i Polen i 1960, blei sensurert fordi verka ikkje i tilstrekkeleg grad følgde den offentlege doktrinen. Verka var store, fargerike og tilnærma heilt abstrakte gouachar og akvarellar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.