Musikk
Sanselege tonemåleri
«Ariadnes krone» er Johann Joseph Fux’ mest sommarlege opera.
Frå La corona d’Arianna-oppsetjinga under festivalen Styriarte i Austerrike i 2022.
Foto: Nikola Milatovic / Styriarte
Johann Joseph Fux (1660–1741) er i dag mest kjend som forfattar av Gradus ad Parnassum (1725), eit teoretisk standardverk i kontrapunkt som mellom anna J.S. Bach nytta i undervisninga si. Namnet blir vanlegvis omsett til «steg(a) til Parnassos», altså oppstiginga til fjellet Parnassos i Hellas, der Apollon og musene heldt til.
Fux’ eiga ferd mot parnasset var også lang og temmeleg fenomenal, for som fattig bondeson frå den austerrikske landsbygda steig han opp til Habsburg-hoffets høgste krinsar i Wien. Toppen av Parnassos nådde han som keisarleg hoffkapellmeister i 1715. Høgare kunne ikkje ein 1700-talsmusikar koma.
Ariadnes krone
Fux var grunnlærd og skreiv teoriverket sitt på finslipt latin. Likevel var han alt anna enn ein tørr kontrapunktikar (kontrapunkt er teknikken der to eller fleire melodiske stemmer dannar ein musikalsk heilskap, men utan at kjensla av sjølvstendige stemmer forsvinn). Han kunne òg komponera i pompøs fransk og elegant italiensk stil. Døme på det italienske får me i La corona d’Arianna, «Ariadnes krone», som handlar om dotter til kong Minos på Kreta.
Denne sommarlege operaen, mynta på åremålsdagen til keisarinna i august 1726, blei for halvtanna år sidan spelt inn på plate for fyrste gong (i forkorta versjon, slik at han passar på éin CD), med det framifrå barokkorkesteret Zefiro under leiing av Alfredo Bernardini. Høvet var ein scenisk produksjon under Styriarte, sommarfestivalen i Graz, som spesialiserer seg på ukjend austerriksk barokkmusikk.
Norsk mezzo
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.