Sanseleg mellomalderAina Villanger ser inn i eit historisk verdsbilete med nye perspektiv på korleis vi i dag tenkjer om kropp og kjensler, fridom og fellesskap.

Aina Villanger ser inn i eit historisk verdsbilete med nye perspektiv på korleis vi i dag tenkjer om kropp og kjensler, fridom og fellesskap.

Aina Villanger har skrive ei sjangeroverskridande andrebok.
Aina Villanger har skrive ei sjangeroverskridande andrebok.
Publisert

I litteraturlista bak i Baugeids bok finn vi tittelen Sanselig senmiddelalder. Tittelen formulerer eit slåande trekk ved Aina Villangers sjangeroverskridande andrebok: I ein fragmentarisk miks av historisk oppdagingsferd og skjønnlitterær innleving teiknar ho opp eit verdsbilete i skjeringspunktet mellom katolsk mystikartradisjon og norrønt vikingliv (rett nok i tidleg høgmellomalder). Det kjennest som at det er noko viktig å hente der, noko som manglar i vår moderne tid.

Visjonær kropp

Aina Villanger debuterte med langdiktet Langsang: et flytans habitat i 2012 og fekk positiv merksemd for denne skapingssoga i talemål frå Grenlandsområdet. Med Baugeids bok går ho vidare i uventa retningar, men viser den same interessa for opphav.

Boka tar utgangspunkt i livet til den historiske personen Baugeid Dagsdatter. Ho er nemnd i Håkon Herdebreis saga fordi broren Gregorius Dagsson i 1161 vart gravlagd ved nonneklosteret i Gimsøy, der Baugeid var abbedisse. Men meir enn ei historie om livshendingar, som det finst lite informasjon om, er boka ei innføring i eit anna verdsbilete.

Bruk av mat og urter som medisin er eit sentralt motiv, samt korleis ein såg for seg at kropp, psyke og ånd hang saman. Til dømes står det i lista «Råd mot reisesyke og vind i hjernen»: «Kylling kokt med isop kurerer melankoli, den tristheten som stammer fra uavbrutt vind og suges opp i hjernen.» Det slår meg kor sjølvsagt negative kjensler blir omtala som del av ein praktisk og fysisk situasjon. No for tida kan ein få inntrykk av at alle negative kjensler er teikn på veikskap eller sjukdom.

Kroppen er sentral òg i det religiøse livet. Spesielt minner den bramfrie skildringa av sanseleg lyst om at seksualangsten i konservative, religiøse miljø ikkje utan vidare kan projiserast bakover på forhistoria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement