Musikk

Sandpapirmusikk

Godfleshs niande slipar i veg på trommehinnene, labyrinten, sniglehuset og medvitet.

Publisert

Den Birmingham-baserte industrial-metal-duoen Godflesh, med Justin Broadrick på gitar, vokal og trommemaskiner og Ben Green på bass, platedebuterte på slutten av 80-talet, og Purge er det niande albumet deira.

Albumet går rett på sak med «Nero», «Land Lord» og «Army of Non», som alle er aggressive låtar med rivande gitarriff, stikkande og drivande trommeprogrammering, røff bassing og forvrengde brøl. Fjerdesporet «Lazarus Leper» held til på den seigare og treigare sida med lange bassdrønn, dissonerande piggtrådgitar, trommemaskin i marsjtakt og depressive verseliner om tomleiken i livet og verda, så utvitydige at dei grensar til parodiske. Ingenting gir meining, og det meste er nonsens, skal ein tru denne songen.

«Permission» kombinerer forskrudd surfrock med primalskrik, rytmiske stønn og The Doors-aktig vokal overaust med enorme mengder ekko.

Den klagande songstilen – og bruken av sausete ekkoeffektar – vert teken til uhøyrde nivå på «The Father», medan avslutningslåtane «Mythology of Self» og «You Are the Judge, the Jury, and the Executioner» har eit kontemplativt, messande preg som minner ein aldri så liten smule om post-punk-støyrock-orkesteret Swans’ tunge, dunkle og ritualaktige stil.

Purge tyder «å reinske, lutre, skylje, blåse ut» (i både verb- og substantivform) og kan til dømes ha med tømming av mageinnhald å gjere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement