Bok

Sandkorn i maskina

Heidi Sævareid skildrar kvardagsproblem, mental sjukdom og samanbrot presist.

Heidi Sævareid er forfattar, omsetjar og kritikar.
Heidi Sævareid er forfattar, omsetjar og kritikar.
Publisert

For å forstå korleis samfunnet fungerer er det lurt å redusera det til ein begripeleg storleik. Då kan ein også få auga på slikt som er eit trugsmål mot samfunnsmaskineriet. I romanen Longyearbyen av Heidi Sævareid vert dette tydeleg, utan at det på noko tidspunkt verkar forsert eller konstruert.

Her møter me Eivor og Finn Nydal og borna deira, Unni og Lisbeth. Finn er verkslege på Svalbard, ved det firmaet som har det flottaste namnet i verda, nemleg Store Norske Spitsbergen Kullkompani, og Eivor og borna er med. Dette er midt i 1950-åra, og ingen tykkjer det er rart at berre mannen i huset har lønt arbeid. Det vert heller ikkje framstilt som merkeleg i romanen.

Treffer tidsånda

Heidi Sævareid har treft tidsånda midt i blinken, på alle måtar, utan oppramsing av tidstypiske element. Dette er berre éin av mange litterære prestasjonar som gjer Longyearbyen til ein svært god roman. Mellom andre slike er evna til å skildra dårleg personleg kjemi med to–tre ord; dette stiller krav til både menneskekunnskap og språkleg musikalitet. Tidleg i boka får me eit framifrå døme på dette, når Eivor har vore tagal under middagen, der dei hadde ein gjest, og Finn freistar å konfrontera henne med saka etterpå. Eivor vrir seg ut or situasjonen ved å lata som om det slett ikkje har vore noko særs, ho tyr til kroppsspråk i staden for ord, det er i grunnen ein lur metode, for ord er sjeldan til å lita på.

I ein roman er det vanskeleg å nytta kroppsspråket, men Sævareid får det til, både i dei små litterære indrefiletane av kvardagstablå og i det store temaet i romanen, som har å gjera med at ein av dei tilsette på Svalbard, ein venn av Finn, om enn ikkje av Eivor, litt etter litt utviklar ein psykisk sjukdom. Dei teikna lesaren får sjå, bileta av den stadig sjukare mannen, er absolutt overtydande, sjølv om dei også er originale. Måten den sjuke mannen ter seg på, vert eit spenningsmoment i teksten, det er skremmande og tragisk. Lidinga til den eine vert ei ressurskrevjande plage og ein fare, og sand i maskineriet, for heile det lukka samfunnet Svalbard er. Siste båten til fastlandet har gått, mannen lyt leggjast inn på det vesle sjukehuset, noko som ikkje skjer utan basketak og valdsbruk, og særleg er det Finn som lyt ta støyten. Dette plagar han dobbelt, det fysiske ubehaget på den eine sida og kjensla av å vera ein torturist på den andre, sidan tvangsmiddel lyt takast i bruk, det er ikkje råd med anna.

Gjennomtenkt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement