Samtid og framtidLangdiktet som vart skrive i 1966, gir eit godt innblikk i Pasolinis liv og refleksjonar.
Langdiktet Askens poet gir eit godt innblikk i Pasolinis liv og refleksjonar.
Av og til lurer eg på kva Italias store lyrikar Pier Paolo Pasolini ville ha tenkt om samtida vår om han hadde levd i dag – om globaliseringa, flyktningstraumen, terrorismen. Han hadde kan hende sagt at katastrofen han spådde, var i ferd med å kome. Den italienske lyrikaren og regissøren, som vart fødd i 1922, såg nemleg sitt, og snakka om ei «komande, apokalyptisk framtid» kort tid før han døydde i eit mystisk og framleis uløyst mord i 1975.
Langdiktet Askens poet fungerer i dag som ein mogleg inngang til mangfaldet av sosiale og teknologiske forandringar Italia og Vesten gjekk gjennom, og som Pasolini vart vitne til, i dei sentrale tiåra i førre hundreår. Å gå til Pasolinis skrifter er ofte ei krevjande oppgåve; dei kan vere teoritunge og språkleg kompliserte. Men ein får som regel mykje att for innsatsen. Måten han las samtida – og såg inn i framtida – på, er framleis gyldig, om enn ikkje særleg oppmuntrande.
Tidsånd
Askens poet vart skriven i 1966, tilsynelatande etter at forfattaren vart kjend med den berømte kollegaen Allen Ginsberg under eit besøk i USA. Likevel kom det berre ut posthumt, etter eit omfattande redaksjonsarbeid i Pasolinis etterlatne skrifter. Det er ikkje eit sentralt verk i forfattarskapen hans, og det slektar nok ikkje så mykje på amerikansk beatpoesi, men det sjølvbiografiske tilsnittet og refleksjonane om tidsånda gjer Askens poet til ei god innføring i poetikken hans.
«Jeg er en / som er født i en by full av arkader i 1922», seier Pasolini om fødebyen Bologna, men han budde brorparten av ungdomen sin i Friuli, eit fylke på grensa med dåtidas Jugoslavia, der han debuterte i 1942 med ei samling på dialekt – stikk i strid med fascismens nasjonalistiske språkpolitikk. Her skimtar ein den første motsetninga mellom Pasolini og samtida. Med å skrive på dialekt melde han seg ut av fellesskapet: «ved å forlate det italienske språket, og med det, / litt etter litt litteraturen, / ga jeg avkall på min nasjonalitet. Jeg sa nei til mitt / småborgerlige opphav».
Posisjoneringa i utkanten av den offisielle kulturen gjekk hand i hand med møtet med marxismen, som poeten vart tru inntil det siste, og den homofile legninga hans, som førte til ei ytterlegare marginalisering, både i kulturlivet og i politikken. (Mellom anna vart han kasta ut av kommunistpartiet på grunn av seksuell omgang med unge gutar). Pasolini kjende seg utanfor i ei verd i rask forandring, og melde seg ut av dei intellektuelle krinsane: «Jeg har fortalt deg dette / på en upoetisk måte / for at du ikke skal lese meg som man leser en poet.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.