Samspelt ensemble
På Inner View er komposisjonane i framgrunnen.
Multiverse med Anders Lønne Grønseth til høgre.
Foto: Harald Opheim
Jazz
Anders Lønne Grønseth Multiverse:
Inner View
Hayden Powell, trompet; Anders Lønne Grønseth, tenor- og sopransaksofon og bassklarinett; Espen Berg, piano; David Skinner, Hohner-pianet og clavinet; Audun Ellingsen, bass; Einar Scheving, trommer.
NXN Recordings
Musikken på Inner View er frå same innspelingsperiode som Outer View som kom i fjor. David Skinner har rett nok lagt på karakteristiske tangentklangar i etterkant, men dei to platene er i stor grad sydde over same lesten. Grønseth har skrive alt materialet, ein tredelt suite som opnar ballet med fem frittståande låtar.
Idealet til Grønseth er at av denne samlinga av fem musikalske «mikrounivers» skal det danna seg eit «multivers», ei kreativ samansmelting. På sitt beste kan ein med rette bruka dette bilete på den musikalske skapingsprosessen. Avslutningssporet «Bi litt!» er det beste dømet. Her får både Grønseth, Powell og Berg utfalda seg utan at dei kompositoriske rammene hemmar. Likevel er det samla inntrykket at Grønseth som komponist og arrangør set eit tydelegare preg på denne plata enn på dei tre førre Multiverse-utgjevingane.
Som lyttar lever eg godt med dette. Grønseth har eit tonespråk som hentar inspirasjon frå europeisk samtidsmusikk så vel som musikktradisjonar frå både Midtausten og India, men han formar det til sitt eige. Både den tredelte suiten «Blom» og låten «Bidevind» er strålande døme på at komponisten Grønseth har lukkast. Det er heller ikkje noko minus at ensemblesounden er heilt strøken.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Anders Lønne Grønseth Multiverse:
Inner View
Hayden Powell, trompet; Anders Lønne Grønseth, tenor- og sopransaksofon og bassklarinett; Espen Berg, piano; David Skinner, Hohner-pianet og clavinet; Audun Ellingsen, bass; Einar Scheving, trommer.
NXN Recordings
Musikken på Inner View er frå same innspelingsperiode som Outer View som kom i fjor. David Skinner har rett nok lagt på karakteristiske tangentklangar i etterkant, men dei to platene er i stor grad sydde over same lesten. Grønseth har skrive alt materialet, ein tredelt suite som opnar ballet med fem frittståande låtar.
Idealet til Grønseth er at av denne samlinga av fem musikalske «mikrounivers» skal det danna seg eit «multivers», ei kreativ samansmelting. På sitt beste kan ein med rette bruka dette bilete på den musikalske skapingsprosessen. Avslutningssporet «Bi litt!» er det beste dømet. Her får både Grønseth, Powell og Berg utfalda seg utan at dei kompositoriske rammene hemmar. Likevel er det samla inntrykket at Grønseth som komponist og arrangør set eit tydelegare preg på denne plata enn på dei tre førre Multiverse-utgjevingane.
Som lyttar lever eg godt med dette. Grønseth har eit tonespråk som hentar inspirasjon frå europeisk samtidsmusikk så vel som musikktradisjonar frå både Midtausten og India, men han formar det til sitt eige. Både den tredelte suiten «Blom» og låten «Bidevind» er strålande døme på at komponisten Grønseth har lukkast. Det er heller ikkje noko minus at ensemblesounden er heilt strøken.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.