Musikk

Samisk jul i Operaen

Kajsa Balto og Kringkastingsorkestret har funne kvarandre.

Kajsa Balto og Kringkastingsorkestret på julekonserten i Operaen i Oslo i fjor.
Publisert

I fjor inviterte Kajsa Balto til julekonsert i Operaen i Oslo. For godt mål hadde ho med seg Kringkastingsorkestret (Kork) og gjesteartistar til å framføra eit program sett saman av julesalmar som er felles både i norsk og samisk tradisjon, og ein del samisk musikk. Det heile arrangert for ensemblet av Jakop Janssønn. NRK tok opp konserten, og opptaka er sende i NRKs kanalar denne hausten. Ny operakonsert er det også blitt.

Det heile må seiast å vera ei kulturell storhending og ein symbolsk triumf for artisten Balto. Det er ikkje alle artistar forunnt å samla full opera to år på rad til julekonsert. Den marknaden er som kjent beinhard. Er så det musikalske resultatet ein like stor triumf?

Balto har ei stemme som toler samarbeidet med eit symfoniorkester. Janssønn har skrive arrangement som sjeldan eller aldri er overleste, og som til tider har ein dynamikk som framhevar stemma til Balto i alle sine fasettar. Dei arrangementsmessige grepa er av den konvensjonelle sorten, men det fungerer stort sett. Spesielt vellukka er «Dál juolabiellut skájaidit» («Det kimer nå til julefest»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement