Musikk

Samelege fiolinsonatar

Publisert Sist oppdatert

I eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson i 1900 skildra Edvard Grieg (1843–1907) dei tre fiolinsonatane sine som representative for tre kunstnarlege utviklingssteg: «den første, naive, rik på forbilder, den annen nasjonale og den tredje med den videre horisont». Sjeldan har vel ein komponist uttrykt grunndraga i si eiga utvikling så akkurat.

Måndag blei sonatane framførte i Håkonshallen, som har ypparleg akustikk for kammermusikk – sjølv om James Ehnes og Orion Weiss denne kvelden fekk lydleg konkurranse frå ei skranglande vifte før pause – og eit kvinande høyreapparat etter pause. Musikarane var frå øvste hylle: Kanadiaren Ehnes, som har ein imponerande diskografi bak seg, er her i byen kjend som gjestesolist med Bergen Filharmoniske Orkester. Den amerikanske pianisten Weiss akkompagnerte raffinert. Særleg god var forminga av dei små solistiske mellomspela.

Fiolinsonate nr. 1 i F-dur, op. 8 (1865), starta litt stivt. Ehnes trong tid for å avstemma dynamikken i høve til romklangen; i dei svake partia var avfraseringane difor knapt høyrlege. Men dette løyste seg raskt. Den vakkert enkle opninga av andresatsen gav høve til klangleg nyanserikdom, og sjølv om det springaraktige midtpartiet kunne tolt meir brutale bogestrok, hadde det schwung.

Fiolinsonate nr. 2 i G-dur, op. 13 (1867), er den mest nasjonale av dei tre. Fyrste og siste sats struttar av rytmiske og melodiske vendingar frå slåttemusikken. Når ein høyrer han rett etter den fyrste sonaten, legg ein også merke til kor mykje betre musikken ligg i handa til fiolinisten. Klangen til Ehnes voks frå fyrste takt av – eller rettare sagt frå femte takt, etter den drøymande, rytmisk frie soloinnleiinga til Orion.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement