Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Sameinte i ulikskap?

Om korkje nasjonalstatlege eller overstatlege organ taklar grenseoverskridande kriser, må me presse på for ein betre internasjonal politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Sylo Taraku kom som flyktning frå Kosovo, som han sjølv kallar eit mislukka multietnisk samfunn.

Foto: Erlend Daae / NTB scanpix

4697
20180511
4697
20180511

Sakprosa

Sylo Taraku:

Balkaniseringen av Europa. Hvordan populisme og innvandring splitter oss

Res Publica Forlag

Medan Europa ser ut til å verta balkanisert, er Balkan i ferd med å verta europisert. Slik skriv Sylo Taraku om dagens Europa og samarbeidet i EU, i ei fascinerande forteljing om korleis ein flyktning til Noreg i 1990-åra omfamna vona om at meir internasjonalt samarbeid skulle skape ei fredelegare og betre verd. Han kom frå Kosovo – ein stat som voks fram frå ein stat som forsvann – som flyktning frå det han sjølv kallar eit mislukka multietnisk samfunn.

Balkaniseringen av Europa er ikkje ein pamflett eller ei debattbok, men ei brei innføring i nokre av utfordringane dei europeiske landa og EU i dag opplever, med auka innvandring og folkeleg skepsis til eit meir fleirkulturelt samfunn.

Taraku veit kva han skriv om, og han skriv godt, men han burde hatt klarare meiningar om kva som må gjerast for at Europa og det politiske samarbeidet i EU ikkje skal fragmenterast og polariserast i ein destabiliserande prosess Taraku kallar balkanisering.

Røynsle og rasjonalitet

Taraku er utdanna i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og arbeider i dag som rådgjevar i tankesmia Agenda, men har tidlegare òg vore knytt til Civita. Han vart kjend i norsk politisk debatt for den førre boka si, Innvandringsrealisme, og han har vore det han sjølv kallar ei realistisk røyst i ein sosialliberal norsk innvandringsdebatt.

Eg er viss på at Taraku kjem til å verta invitert til mange arrangement framover, for å fortelja korleis han med røynsle frå dei opprivande konfliktane på Balkan opplever Europa i dag: om han trur dei populistiske partia vil halde fram med å gå fram, om nasjonalismen vil vekse seg sterkare og om fleire land vil ynskje exit frå EU. Men det er ikkje desse spørsmåla eg finn mest interessante med boka. Eg tykkjer dei rasjonelle vitskaplege diskusjonane han dreg opp, er langt meir spanande, for her er han meir original enn andre.

Menneske- og folkerett

Tarakus mantra er at om korkje nasjonalstatlege eller overstatlege organ taklar grenseoverskridande kriser og utfordringar, må me presse på for ein betre internasjonal politikk. Her skil han seg frå mykje annan argumentasjon om korleis me skal møte dei store utfordringane i vår tid, ved at han syner ei sterk tru på internasjonalt samarbeid.

Men han er ikkje ukritisk til organisasjonane og institusjonane han trur kan betre verda me lever i. Særleg ikkje til EU, som han verkeleg trur på, men som ofte kjem til kort når det verkeleg gjeld.

Det er ikkje vanskeleg å være samd i dette, men eg er ikkje einig i at kvar gong noko går gale i EU, som til dømes då det kom ein million immigrantar til Europa i 2015, er det EU sjølv som har skulda. Korkje i denne saka eller til dømes i samband med finanskrisa som velta innover Europa for ti år sidan, var det EU som svikta, men dei einskilde medlemsstatane og politikarane deira.

Her kunne Taraku ha vore meir nyansert, slik han er når han skriv om rettsleggjeringa av politikken meir allment og korleis omsynet til dei universelle menneskerettane i internasjonal politikk oftast må vike for den folkerettslege suvereniteten til einskildstatane.

konsensus

Nokre av dei beste og mest klargjerande diskusjonane kjem nett her, når Taraku tek for seg dei humanitære intervensjonane dei siste åra, med utgangspunkt i hendingane i heimlandet Kosovo tidleg på 1990-talet. Sitt eige standpunkt i denne saka får han fram når han siterer tidlegare generalsekretær Kofi Annan, som etter Kosovo-krigen stilte fylgjande spørsmål til generalforsamlinga i FN: Om humanitær intervensjon er i strid med suverenitetsprinsippet, korleis skal me reagere på brot mot menneske?

Noko eintydig svar på dette spørsmålet finst ikkje, men Taraku meiner at den liberale ordenen som i fyrste rekkje USA etablerte etter andre verdskrigen, ikkje berre har verna minoritetar mot undertrykking og folkemord; han har òg verna småstatar mot stormakter som tek seg til rette på tvers av internasjonale verdiar og normer.

Taraku har skriv ei god bakgrunnsbok. På ein innsiktsfull måte løftar han opp problemstillingar vi alle må ta tak i. Eg kunne ha tenkt med å setja Balkaniseringen av Europa på pensum i samfunnsfag og historie. Men boka kjem nok ikkje til å skapa debatt. Til det manglar ho klare synspunkt på kva utfordringane migrasjonen skaper for Europa.

Jan Erik Grindheim

Jan Erik Grindheim er statsvitar i Civita og førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Taraku har skrive ei god bakgrunnsbok.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis