Bok
Salmeskatt mot kristenpop
Ida Gilbert skriv med eit skrått blikk på indre konfliktar i Kyrkja.
Ida Gilbert er filosof, skribent og kommunikasjonsrådgivar.
Foto: Heidi Furre
Ida Gilbert (f. 1981) debuterte i 2023 med den satiriske og underhaldande romanen Tute med de ulver som er ute, der ho på treffsikkert vis harselerte over motsetningane mellom bygd og by. Ho fekk Sørlandets litteraturpris for boka.
Like treffsikker er ho ikkje denne gongen, sjølv om ho skriv leikent og overtydande om Kyrkja med stor K, personifisert gjennom den homofile presten Karsten Isak Berg, ein mann som nærmar seg pensjonsalder, og som har gått vegen frå å vere ein kritisk og progressiv ung prest til å bli ein heller surmaga gubbe som i møte med dagens lettkrenkte konfirmantar tar til å tvile på det han har vigd livet sitt til.
Marknadsorientert
Han oppfattar kyrkja som ein marknadsorientert, kommersiell aktør som tilbyr drop-in-dåp, drop-in-bryllaup og drop-in-sjelesorg samtidig som ei digital byråkratisering tvingar han til å bruke timar av dagen framfor dataskjermen. Det sakrale er skifta ut med det profane, og i denne verdsleggjeringa søker han trøyst hos Magnus B. Landstad, som han stadig vender tilbake til ved å besøke Landstads grav for å hente inspirasjon til det store verket om Landstads salmar som han drøymer om å skrive. Det blir med tanken.
Karsten er prest i Gamle Aker kyrkje, men han er avhengig av Vy og Bane NOR for å komme til og frå jobb. Innstilte tog, buss for tog og endelause forseinkingar tærer på kreftene, og for å halde ut denne ventinga, fyller han etter med øl og vin. Det hjelper litt, men problema hans forsvinn ikkje. Neste dag er det på han igjen mens han minnest studenttida og Johannes Åpen Bar.
Salmeglede
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.