Musikk
Sakrale drama
I Eisenach laga Telemann kyrkjekantatar i operaham.
Borga Wartburg kneisar over byen Eisenach.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Tyske Georg Philipp Telemann (1681–1767) var bråmogen. Før tenåra leverte han motettar til kyrkjekoret i heimbyen Magdeburg, og som gymnasiast skreiv han tyske kantatar til den katolske kyrkja (sjølv om han var protestant). I studietida i Leipzig var han jamvel komponist og direktør for operahuset.
Men ein utprega kyrkjekomponist blei han ikkje før fyrst Johann Wilhelm av Sachsen-Eisenach engasjerte han som kapellmeister. Eisenach er mest kjend som fødestaden til J.S. Bach og for Wartburg, borga der Luther omsette nytestamentet frå gresk til tysk. I denne byen komponerte Telemann heile fire årgangar med kantatar for alle sun- og helgedagane i kyrkjeåra (72 verk per årgang). Dette var dei fyrste verkeleg moderne kyrkjekantatane i Tyskland, som mellom andre Bach hadde som førebilete då han skapte sine meisterverk.
Som i operaen
Kva tyder «moderne kyrkjekantatar» i denne saman-
hengen? Dei fire verka det belgiske barokkorkesteret Il Fondamento gav ut på plate i 2006, har moderne poesi, altså barokkpoesi, medan den gamle kantatetypen er tufta på bibel- og salmetekstar. Og så vekslar satsane mellom «resitativ og arie, som i ein operascene», slik Telemanns innovative tekstforfattar i Eisenach, hoffpresten Erdmann Neumeister, formulerte det. Kyrkjemusikk i operaham, altså, og Telemanns musikk er så dramatisk at han ville fungert fint i teateret.
Grunnen til at Il Fondamentos plate med jamne mellomrom hamnar i CD-spelaren min, er ikkje solistane, men komposisjonane. Den eine av dei to sopranane (omslagsheftet listar ikkje opp kven som syng kva) har sløv diksjon, noko som gjer teksten vanskeleg å oppfatta. Og den mannlege alten har ustabil klang og intonasjon, noko han freistar å dekkja over med vibrato – til fånyttes.
Resten av solistane syng derimot bra, særleg bassen. Kor og orkester presterer også godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.