Musikk

Så tak då mine hender

Endetida er her alt på det haustmørke andrealbumet til Kristi Brud.
 

Dei er seks i Kristi Brud. Det kan ein høyre.
Publisert Sist oppdatert

Etter tre album delte den bergenske kvintetten Hjerteslag seg i to. Ikkje i to like delar: Vokalisten fekk etter både offentleg og mindre offentleg usemje behalde namnet og følgjarane på sosiale medium. Dei andre fekk med to nye medlemer og samla seg som sekstetten Kristi Brud.

Ja, som i pastoren frå Knutby. Eller som dei sjølv skreiv på Facebook: Kristi Brud var ei dame frå Sverige, no er ho eit band frå Noreg. Dei som hugsar drapssaka i Knutby, bør tenkje at meir smaklaust bandnamn skal ein søkje lenge og godt etter, uansett kva skjult djupne og intern sjargong som ligg bak.

Bandet frå Noreg fekk Spellemannpris for 2023-debuten Alt er nytt. Eit mørkt og massivt album der ein kunne tolke fleire tekster som spark mot Hjerteslag, på same vis som Hjerteslag indirekte slengde ukvemsord i deira retning på sine album.

Ein kan gjerne lese tittelen på andrealbumet, Et fall, som ein del av den same ordstriden. Samstundes opnar omslagsvalet av Hans Heyerdahl-måleriet der Adam og Eva vert drivne ut or paradis, for fleire tolkingar enn denne meldinga har plass, eller trong, til.

Minne om berøring

Om ein tolkar kombinasjonen av tittel og omslag som overgang frå ein tilstand av rein harmoni til ny tilstand av skuld og distanse, så er det musikalsk ganske presist. I den forstand at Et fall er eit mørkare album enn debuten. Men òg sterkare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement