Så god som ny
Gyrdir Elíassons ungdomsverk kan lesast som ein overture til heile forfattarskapet.
Gyrdir Elíasson fekk Nordisk råds litteraturpris i 2011.
Foto: Johannes Jansson / Norden.org
Det er 33 år sidan denne boka kom ut på islandsk. Da var forfattaren 26 år, og sidan debuten i 1983 hadde han alt gitt ut seks diktsamlingar. Den samla forfattarskapen er imponerande i omfang, med 37 titlar, og i tillegg har han omsett rundt 20 bøker. På norsk finst det sju titlar av Elíasson, fem av dei ved Oskar Vistdal.
Gyrdir Elíasson fekk Nordisk råds litteraturpris i 2011, og det er etter den tid han har fått eit norsk publikum som, ikkje i hopetal, men eksklusivt, lar seg begeistre av noveller, forteljingar, romanar og prosastykke som fangar inn det kvardagsnære og det framande i eit språk der makaber realisme, skjør poesi og minneglimt frå eigen oppvekst glir over i kvarandre og dannar ei særeiga stemning av noko uforklarleg, noko som er der i eit slags forsvinningspunkt.
To delar
I Vandrande ikorn møter ein gutungen Sigmar som bur på ein avsides gard saman med to vaksne, August og Bjørg. Det er uklart om dei er foreldra hans. Ein annan gut blir også nemnd fleire gonger, men berre leikene hans er tilbake. Sigmar hemnar seg på leikene, og i skjul driv han med mange slags fantestrekar. Kvifor må ein tenkje seg til, for det blir ikkje sagt stort i denne stiliserte og fortetta forteljinga med handling frå 1960-åra, der Sigmars sakn og lengslar blir kompenserte ved ein livleg fantasi.
Romanen er i to delar, heilt ulike, men med nokre koplingar som bind dei saman. I del éin følgjer vi Sigmar heime på garden og i ein radius rundt garden. Han har nokre illustrerte bøker han les i, og desse bøkene løftar han ut av ein traudig kvardag og inn i ei fantasiverd vi kan følgje i del to, og det er her det vandrande ekornet legg ut på reise til næraste by befolka av kaninar, revar, kattar, ein brunbjørn og ein sanktbernhardshund. Menneska er utan hovud, og det groteske og makabre har ein sentral plass saman med ein burlesk og underfundig humor som tar brodden av det meste.
Rikt ordtilfang
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.