Så god som ny
Gyrdir Elíassons ungdomsverk kan lesast som ein overture til heile forfattarskapet.
Gyrdir Elíasson fekk Nordisk råds litteraturpris i 2011.
Foto: Johannes Jansson / Norden.org
Roman
Gyrdir Elíasson:
Vandrande ikorn
Omsett av Oskar Vistdal
Solum / Bokvennen
Det er 33 år sidan denne boka kom ut på islandsk. Da var forfattaren 26 år, og sidan debuten i 1983 hadde han alt gitt ut seks diktsamlingar. Den samla forfattarskapen er imponerande i omfang, med 37 titlar, og i tillegg har han omsett rundt 20 bøker. På norsk finst det sju titlar av Elíasson, fem av dei ved Oskar Vistdal.
Gyrdir Elíasson fekk Nordisk råds litteraturpris i 2011, og det er etter den tid han har fått eit norsk publikum som, ikkje i hopetal, men eksklusivt, lar seg begeistre av noveller, forteljingar, romanar og prosastykke som fangar inn det kvardagsnære og det framande i eit språk der makaber realisme, skjør poesi og minneglimt frå eigen oppvekst glir over i kvarandre og dannar ei særeiga stemning av noko uforklarleg, noko som er der i eit slags forsvinningspunkt.
To delar
I Vandrande ikorn møter ein gutungen Sigmar som bur på ein avsides gard saman med to vaksne, August og Bjørg. Det er uklart om dei er foreldra hans. Ein annan gut blir også nemnd fleire gonger, men berre leikene hans er tilbake. Sigmar hemnar seg på leikene, og i skjul driv han med mange slags fantestrekar. Kvifor må ein tenkje seg til, for det blir ikkje sagt stort i denne stiliserte og fortetta forteljinga med handling frå 1960-åra, der Sigmars sakn og lengslar blir kompenserte ved ein livleg fantasi.
Romanen er i to delar, heilt ulike, men med nokre koplingar som bind dei saman. I del éin følgjer vi Sigmar heime på garden og i ein radius rundt garden. Han har nokre illustrerte bøker han les i, og desse bøkene løftar han ut av ein traudig kvardag og inn i ei fantasiverd vi kan følgje i del to, og det er her det vandrande ekornet legg ut på reise til næraste by befolka av kaninar, revar, kattar, ein brunbjørn og ein sanktbernhardshund. Menneska er utan hovud, og det groteske og makabre har ein sentral plass saman med ein burlesk og underfundig humor som tar brodden av det meste.
Rikt ordtilfang
Sigmar identifiserer seg med det vandrande ekornet, «eg er vorten ein ikorn», og slik den andre guten forsvann, vil også Sigmar forsvinne: «Endå ein gut har teki på seg huldrehatt og gjort seg usynleg, han er svunnen.» Det er barnets logikk i eit tilvære som ikkje lar seg forklare eller fange i ord, det er «lyset fra denne verden bag verden» som William Heinesen seier i sitatet som innleier heile romanen.
Eg lar meg stadig imponere av omsetjingane til Oskar Vistdal og det rike ordtilfanget han auser av, basert på dialekten han har i kroppen. Eg er også begeistra for Aina Griffins eksklusive omslagsdesign som er lik, med små variasjonar, gjennom alle dei seks bøkene av Elíasson som Solum har gitt ut.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Romanen er i to delar, heilt ulike, men med nokre koplingar som bind dei saman.
Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.