Musikk

Rutinemessig

I hendene til Rémy Ballot Ensemble sprellar Schuberts aure ikkje.

Franz Schubert (1797–1828). Utsnitt av måleri av W.A. Rieder.
Publisert Sist oppdatert

Kammermusikkensemblet til den Wien-baserte franske fiolinisten og dirigenten Rémy Ballot er sett saman av musikarar han har blitt kjent med frå dirigentpodiet, fire musikarar som til dagleg spelar i Wiener Philharmoniker og Wiener Staatsoper.

I omslagsalbumet til den nye plata med klaverkvintettar av wienarkomponistane Franz Schubert og Johann Nepomuk Hummel (1778–1837) skildrar Ballot føremålet med innspelinga: Han vil attskapa atmosfæren ved dei talrike musikksalongane i habsburgmonarkiets hovudstad i fyrste helvta av 1800-talet, salongar der yrkesmusikarar musiserte jamsides med rike amatørar.

Desse private samkomene var spesielle av fleire grunnar. For det fyrste var dei svært intime. Det var gjerne ikkje stort fleire tilhøyrarar enn utøvarar i rommet; musikarane musiserte like mykje «for seg sjølve» som for publikum. For det andre var det ofte dei rike amatørane som sjølv hadde tinga verka, med avtale om einerett på framføringar ei viss tid etter urframføringa. For det tredje var (dei ofte musikalsk habile) tingarane gjerne spesifikke i krava sine til komponistane.

Aurevariasjonar

Alt dette gjeld for Schuberts «Forellen-Quintett» i A-dur, D 667, som blei til ein lukkeleg sommar i 1819 i Steyr i Oberösterreich. Der budde han i huset til venen og mesenen Sylvester Paumgartner, som var ein ivrig amatørcellist. Difor er også cello-stemma ei av dei viktigaste i kvintetten, som elles består av klaver, fiolin, bratsj og kontrabass.

Paumgartner elska Schuberts song «Die Forelle» («Auren»), som jo framleis er eit av hans mest populære stykke. Difor bad han komponisten om å integrera denne iøyrefallande melodien, og det er fjerdesatsen – ein variasjonssats der melodien utgjer det melodiske temaet – som har gjeve verket namnet «Aurekvintetten».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement