Musikk

Rustikt raffinement

Hjå Telemann er det mangfaldet som utgjer einskapen.

Bondske rytmar og melodiar førekjem hjå Telemann. Her Pieter Bruegel den eldres (1525–1569) måleri «Bondebryllaupet».
Bondske rytmar og melodiar førekjem hjå Telemann. Her Pieter Bruegel den eldres (1525–1569) måleri «Bondebryllaupet».
Publisert

Italiensk ekstravaganse, fransk eleganse, tysk grannsemd og polsk råskap: Alle desse stiltrekka kjem saman i Georg Philipp Telemanns (1681–1767) gruppekonsertar, der den seinbarokke komponisten syner ein variasjonsrikdom som jamvel overgår J.S. Bachs «Brandenburgkonsertar».

Barokkorkesteret La Stagione Frankfurt, der fløytisten Michael Schneider dirigerer, gav mellom 2014 og 2019 ut seks album med desse verka. No får me alle CD-ane i éin boks. Ein fest har ho vore, den sju timar lange lyttinga – mest på grunn av Telemanns kompositoriske idérikdom, sjølvsagt, men òg på grunn av La Stagione Frankfurts friske tolkingar, som struttar av speleteknisk overskot.

Stilmangfald

Korleis skal me skildra verktypen på platene? Paradoksalt nok er det mangfaldet som utgjer einskapen. The Complete Grand Concertos for Mixed Instruments er den fulle tittelen på CD-boksen. Grand concerto er den engelske omsetjinga av det italienske concerto grosso, der ei soloinstrumentgruppe spelar vekselvis mot og med resten av orkesteret. Verkforma fann si klassiske utforming hjå Arcangelo Corelli i Italia på slutten av 1600-talet, men då i rein italiensk stil for strykeinstrument.

Telemanns forteneste nokre tiår seinare var for det fyrste å inkludera ein klangfargerik bukett av blåseinstrument, som blokk- og tverrfløyte, ulike oboar, fagott, horn, trompet og chalumeau (ei tidleg form for klarinett). Dette syner fransk påverknad, noko som fører oss til Telemanns andre forteneste, nemleg den samansmeltinga av dei ulike nasjonalstilane eg nemnde i byrjinga. Særleg bruken av barske rytmar og beiske harmoniske vendingar frå polsk folkemusikk gjev finalesatsane ein eksotisk schwung.

Mus og elefant

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement