Røvar nummer éinEndå ein stjernekrigsfilm utvidar universet alle kjenner, og stadfestar dominansen til Disney.
Endå ein stjernekrigsfilm utvidar universet alle kjenner, og stadfestar dominansen til Disney.
Alden Ehrenreich spelar Han Solo. Her saman med wookien Chewbacca, som vert spelt av Joonas Suotamo.
Foto: Lucasfilm / Walt Disney Pictures
Lik Rogue One: A Star Wars Story frå 2016 står Solo: A Star Wars Story åleine, utanfor serien. Filmen handlar om korleis favorittrøvaren Han Solo (Ehrenreich) fekk ein hang til heltedåd. Han kjem frå fattige kår som småskurk i lag med Qi’ra (Clarke). Eit fluktforsøk skil dei to turtelduene, og Han Solo hamnar i hæren, der han møter den røynde ransmannen Beckett (Harrelson) og partnaren Val.
Hovudpersonen vil rømme, rane nok til å få seg eit fly og bruke pilotevnene til å reise tilbake og fri til den utkåra. Det kan halde hardt.
Tydelege trekk
Produksjonsdesignen er mektig mørk og har mange flotte detaljar, frå datagrafikk til kostyme, men førre film hadde meir storslage fotografi og stilige slagscener.
Actionsekvensane dominerer og blir stort sett berre brotne av romantikk med søt musikk. Humoren haltar. Forteljinga er tidvis så tydeleg at ein kjenner at filmen er best for born. Dårlege dialogar i innleiinga skal forklare effektivt før ferda tar til. Det er greitt at eg ikkje er tiåringen som elska Willow av Ron Howard lenger, men her manglar magi.
Røvar og røvar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.