Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Røvar nummer ein

Endå ein stjernekrigsfilm utvidar universet alle kjenner, og stadfestar dominansen til Disney.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alden Ehrenreich spelar Han Solo. Her saman med wookien Chewbacca, som vert spelt av Joonas Suotamo.

Foto: Lucasfilm / Walt Disney Pictures

2638
20180525
2638
20180525

ACTION/EVENTYR

Regi: Ron Howard

Solo: A Star Wars Story

Med: Alden Ehrenreich, Emilia Clarke, Woody Harrelson

Lik Rogue One: A Star Wars Story frå 2016 står Solo: A Star Wars Story åleine, utanfor serien. Filmen handlar om korleis favorittrøvaren Han Solo (Ehrenreich) fekk ein hang til heltedåd. Han kjem frå fattige kår som småskurk i lag med Qi’ra (Clarke). Eit fluktforsøk skil dei to turtelduene, og Han Solo hamnar i hæren, der han møter den røynde ransmannen Beckett (Harrelson) og partnaren Val.

Hovudpersonen vil rømme, rane nok til å få seg eit fly og bruke pilotevnene til å reise tilbake og fri til den utkåra. Det kan halde hardt.

Tydelege trekk

Produksjonsdesignen er mektig mørk og har mange flotte detaljar, frå datagrafikk til kostyme, men førre film hadde meir storslage fotografi og stilige slagscener.

Actionsekvensane dominerer og blir stort sett berre brotne av romantikk med søt musikk. Humoren haltar. Forteljinga er tidvis så tydeleg at ein kjenner at filmen er best for born. Dårlege dialogar i innleiinga skal forklare effektivt før ferda tar til. Det er greitt at eg ikkje er tiåringen som elska Willow av Ron Howard lenger, men her manglar magi.

Røvar og røvar

Imperiet er perifert til Star Wars å vere. Politi finst ikkje. Her er det røvar mot røvar. Uansett kor fredlaus Han Solo vil vere, har han ein helteaura fremja av kameravinklar. Han er elles laus i replikken og har hjartet på rette staden. Når erkeskurken omtalar han som arrogant og ambisiøs, er eg likevel samd.

Den naive tryggleiken på eigne evner er ein parodi på stereotype folk frå USA. Alden Ehrenreich irriterer med tolkinga si av den legendariske rakkaren. Eldre Woody Harrelson og Thandie Newton er betre.

Kinokolonisering

Den verkelege verda finst i form av ressurskamp, migrasjonskontroll, militære vervekampanjar og meiningslaus krig. Nådeløyse og nihilisme står mot rettvist opprør og altruistisk hjelp.

Solo: A Star Wars Story er grei action, men eg er skeptisk til sjølve filmens eksistens. Inflasjonen i Star Wars-filmar gjer at kvar film mister verdi som ei stor hending.

Med millionar av superheltfilmar som slår mot oss, er eg uroleg for om Disneys utviding av stjernekrigen skal utslette alt anna liv på filmplaneten og rane til seg dei siste kinosalane frå originale filmhistorier. Det er ikkje verdt det.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Forteljinga er tidvis så tydeleg at ein kjenner at filmen er best for born.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis