Musikk

Rotevatn overtyder

Ojkos er eit spanande orkester av jazzkomponistar.

Ojkos er eit orkester for profesjonelle jazzkomponistar i etableringsfasen som held til på Austlandet.
Ojkos er eit orkester for profesjonelle jazzkomponistar i etableringsfasen som held til på Austlandet.
Publisert

Ojkos blei initiert av Østnorsk jazzsenter i 2018. Ideen bak prosjektet var ikkje berre å samla eit stort band, men også å setja krav til deltakarane om at dei skulle skriva for bandet. Sjølv om pandemien også her har vore sand i maskineriet, har bandet realisert fleire prosjekt. To av desse er innspelte på plate, og båe presenterer musikken til trombonisten Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid.

Alea iacta est kom i 2020, og Mensa Rotunda er meir frå den musikalske hagen til Rotevatn. Floraen i denne hagen er i sanning rikhaldig. Rotevatn er påverka av mange og høgst ulike inspirasjonskjelder. Samstundes har han sansen for tema som fell lett i øyra, og den intense grooven.

Han lar dei ulike seksjonane spela små frasar opp mot einannan, eller dei avløyser kvarandre og omformar frasane. Aller best er Rotevatn med låten «Drosi is real» – eit lite verk i verket der basslinja gjer susen – eller «Jakta på den mytiske idealkvinne frå ferdaminna til Aasmund Olavsson Vinje», som det heiter i presseskrivet. Røed spelar eit framifrå trompetkor.

Det går i medium og raske tempi, men Rotevatn viser også at han er komfortabel med balladen. Det Nesheim og Håvik gjer på «Morning in Novgorod» og introen på «Einsemdi», med Eilertsen i spissen, er lyriske perler. Dei improviserte partia, som for det meste er relativt korte manifestasjonar, er ein integrert del av det musikalske forløpet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement