JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Romersk komedie

Holberg etterlikna Molière. Men begge etterlikna dei romaren Terents.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Det aldobrandinske bryllaupet». Fresken frå tida kring Kristi fødsel heng i dag i Vatikanmusa.

4884
20190111
4884
20190111

Gjendikting

Terents:

Svigermora

Gjendikta av Iris Aasen Brecke
Gyldendal Kanon 2018

Terentius Publius Afer (d. 159 f.Kr.), eller Terents, som namnet vert på norsk, er ein av dei største klassikarane i teaterhistoria. Trass i dette vert dei seks komediane vi har av han, nesten aldri framførte. Vi skal kome attende til kvifor.

Til liks med den noko eldre Plautus skreiv Terents borgarlege forviklingskomediar etter greske førebilete, og dei to romarane vart i sin tur ståande som førebilete for den europeiske komedietradisjonen, med namn som Shakespeare, Molière, Holberg og Goldoni. Opphavet til heile denne tradisjonen finn vi i den athenske såkalla nykomedien frå kring 300 f.Kr.

Arrangert ekteskap

Til skilnad frå den gamle athenske komedien, som var politisk, revyaktig og særs grov, og som mange kjenner frå Aristofanes’ Lysistrata, var nykomedien upolitisk, utan korsongar og med eit meir høvisk språk. Vi har fått overlevert elleve stykke av Aristofanes i handskrifttradisjonen, men av nykomedien hadde vi lenge berre nokre spreidde sitat. Sidan 1800-talet er mange fragment av nykomedien gjenoppdaga ved arkeologiske papyrusfunn, slik at vi no har mellom anna ei nær komplett utgåve av Menanders Grinebitaren (på norsk i Kanon-serien i 2015). Men det er dei romerske kopiane som har har vore lesne og etterlikna opp gjennom historia.

Svigermora er ein slags romantisk komedie, men her har giftarmålet allereie funne stad, og det er eit arrangert ekteskap. Den frå fyrst av motviljuge brudgommen har vorte glad i kona si, men når han kjem attende frå ei reise, har ho flytta heim til mor og nektar å ta imot vitjingar. Det syner seg at ho har gjort det for å skjule at ho er gravid, noko som kjem av at ho vart valdteken to månader før ho vart gift. Saka får likevel ei lukkeleg løysing då det syner seg at det er brudgommen sjølv som er valdtektsmannen. Han hadde gjort det i fylla på veg til bordellet. Han såg ikkje kven ho var, fordi det var mørkt. Kva brura sjølv tenkjer om saka, får vi aldri vite; ho er bak scena og føder og har ingen replikkar.

Dette plotet var like uspeleleg på Holbergs tid som det er i dag, men romarane syntes slikt var stor moro: Valdtektsplotet var ein fast sjangerkonvensjon, som vi også finn i Terents-komedien Evnukken (på norsk i Kanon-serien i 2017, ved same gjendiktar). Den framståande plassen kurtisaner og slavinner inntek i komediane, er ein annan sjangerkonvensjon som også har høvd dårleg med dei moralske normene i ettertida.

Læremeister

Terents’ komediar har difor knapt vore framførte sidan antikken, til gjengjeld har dei alltid vore mykje lesne. Dei gjev levande innblikk i romersk liv, på eit framifrå latin som er både realistisk og elegant,. Dei har difor vore vanlege pensumtekster ved latinskulene gjennom 2000 år. Dei har også lært seinare dramatikarar både intrigebygging og karakterteikning. Det er ikkje vanskeleg å kjenne att den forelska og forvirra unge mannen i Holbergs Leander, den slu slaven i Henrik, den bekymra faren i Jeronimus og den like bekymra mora i Magdelone.

Terents er blitt etterlikna, men etterlikningane har tilpassa formatet til si eiga tid. I den antikke komedien dreier det seg gjerne om å få ein utsvevande ung mann til å gifte seg med ei respektabel jente; kva jenta sjølv meiner, bryr ein seg ikkje om. I Roswitha von Gandersheims komediar frå 900-talet dreier det seg derimot om kristelege heltinner som avviser ekteskap for å kunne leve eit asketisk liv, eller som vert martyrar fordi dei står imot heidenske forfølgjarar.

Hjå Holberg er det igjen ekteskap som er målet, men her har den forelska unge mannen og den kvikke tenaren fått motspelarar i form av den like forelska jenta og den like kvikke tenestejenta: Leander og Henrik, Leonora og Pernille. Etter at Kyrkja i mellomalderen hadde knesett prinsippet om at giftarmål må vere friviljug frå begge sidar, måtte det også vere slik i komedien, sjølv om den sosiale realiteten ofte var ein annan.

Elegant

Terents’ realistiske eleganse er vel ivareteken i denne fine gjendiktinga. Boka har også ei god og informativ innleiing, der det mellom anna vert gjort grundig greie for dei ulike versemåla. Alle replikkar i stykket er nemleg på vers. Det er vel dei færraste som vil lese dei verstekniske forklaringane særleg nøye, men alle kan ha glede av resultatet. Det er fascinerande kor godt desse versemåla lèt seg sameine med eit moderne og idiomatisk norsk, til dømes i jambisk åttetaktar: «Det beste er om dette ikke blir som i komedier,/ hvor alle finner ut av alt. De vet det, de som må det. De/ som ikke må det, verken vet det eller finner ut av det.»

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag ved Universitetet i Bergen og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Terents’ realistiske eleganse er vel ivareteke i denne fine gjendiktinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis