Musikk

Romantisk sakn

Ibragimova og Tiberghien spelar Schumanns kjenslevare fiolinsonatar.

Den tyske komponisten Robert Schumann (1810–1856) i 1839.
Publisert Sist oppdatert

Alina Ibragimova er ein av dei moderne, allsidige fiolinistane som handsamar historiske og moderne instrument jamgodt. Eg kjenner denne russiske musikaren av tatarisk avstamming, som no har gjort brite av seg, frå Chiaroscuro Quartet. Dette ensemblet har fleire strålande innspelingar av Beethovens kvartettar på historiske strykeinstrument bak seg.

På den nye Schumann-plata med franskmannen Cédric Tiberghien blir det musisert på moderne fiolin og flygel. Likevel er mykje av den historisk orienterte estetikken frå Chiaroscuro Quartet til stades. Eg tenkjer her på den transparente ensembleklangen med atterhald i vibratobruk, tydelege frasedisposisjonar og raffinerte dynamiske kontrastar.

For Ibragimovas del likar eg spesielt godt korleis ho på lange tonar får til det som i songteknikken heiter messa di voce, altså den gradvise auken og minskinga av styrken på éin og same tone. Mange moderne fiolinistar nyttar fortrinnsvis vibrato for å skapa spenning og avspenning på slike tonar, medan Ibragimova sjonglerer elegant mellom teknikkane og greier å kombinera dei.

Styrtregn

Sonatane for fiolin og klaver kom til ganske seint i Robert Schumanns liv, ikkje lenge før han braut saman mentalt og blei institusjonalisert. Både den fyrste sonaten i a-moll (op. 105) og den andre i d-moll (op. 121) er frå hausten 1851, og den tredje i a-moll (utan opusnummer) frå nokre månader før drukningsfreistnaden hans i februar 1854.

Duoen spelar opningssatsen i fyrste sonaten med romantisk uro, nett slik Schumann har instruert gjennom tittelen «Med lidenskapleg uttrykk»; særleg vakre er dei bylgjande tonerekkjene i flygelet. Om fyrstesatsen har bylgjer, er tredje og siste sats eit styrtregn av tonar. Musikarane maktar å forma musikken klårt, med høg teknisk samspelspresisjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement