Teater

Romantikk, komedie – og Ibsen

Ungdomsverket Ibsen ville gløyme, er langt betre enn ryktet.

Regissøren Sigrid T’Hooft har spesialkompetanse på teaterhistorisk pastisj, og skodespelarane syner seg å meistre denne spelestilen med eleganse. Frå venstre: Dagny Backer Johnsen, Marika Enstad, Per Egil Aske, Jacob Jensen, Seda Witt og Jonas Hoff Oftebro.
Regissøren Sigrid T’Hooft har spesialkompetanse på teaterhistorisk pastisj, og skodespelarane syner seg å meistre denne spelestilen med eleganse. Frå venstre: Dagny Backer Johnsen, Marika Enstad, Per Egil Aske, Jacob Jensen, Seda Witt og Jonas Hoff Oftebro.
Publisert

Det er alltid interessant å sjå korleis nye teaterfolk grip fatt i gamle klassikarar. Det er sjeldan dei prøver å lage faksimilar av tidlegare oppsetjingar. Det ville vel heller ikkje gå særleg bra. Men når ein tek tak i ein dramatikar som Ibsen, med eit stykke som faktisk ikkje er nokon klassikar i det heile, knapt nok spela sidan urpremieren, ja, da kan ein kan hende like gjerne prøve å nærme seg faksimilen. Det blir ikkje noko déjà vu for nokon. Dei som såg stykket i 1852, kjem ikkje attende.

Når Nationaltheatret no spelar Sancthansnatten av Ibsen for første gong, presiserer dei at det blir ei framsyning inspirert av den tidas, 1800-talets, teaterkultur. Inspirert, men ikkje kopiert. I praksis vil det seie ei deklamatorisk replikkføring og ein meir utstudert, koreografert spelestil enn vi elles ser i dag. Scenebiletet er òg skore ut i papp, som i eit gamaldags dokketeater. Stykket i seg sjølv er ein romantisk eventyrkomedie, tydeleg inspirert av Shakespeares ljosaste verk. Vi ser tydelege peikarar til både Ein midtsommarnattsdraum og As You Like It.

Det vesle faremomentet med ei slik tilnærming er at ein stundimellom kan nærme seg parodiering av sjølve stykket. Det er faktisk ikkje naudsynt, for sjølv om denne teksten ikkje loddar like djupt som Peer Gynt, merkar vi godt at meisterens klo er på plass, både i satirisk og poetisk forstand. (Du treng slettes ikkje vende deg i grava, Ibsen!) Assosiasjonane kan sjølvsagt òg gå lett til Wessels Kierlighed uden Strømper. Skilnaden er berre at dette var eit stykke som var gjennomført parodi alt då det vart skrive. Her er vi faktisk ved ei sentral problemstilling i all teateradaptasjon: Tykkjer ein at eit gamalt stykke ikkje er morosamt nok, blir det neppe betre av at ein dummar det ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement