Musikk

Rolling Stone Blues

Om Hackney Diamonds vert siste plate frå The Rolling Stones, så går dei ut med stil.

Ronnie Wood, Mick Jagger og Keith Richards då det nye albumet vart lansert i London 6. september.
Ronnie Wood, Mick Jagger og Keith Richards då det nye albumet vart lansert i London 6. september.
Publisert

«He’s going to be a rollin’ stone», syng Mick Jagger i «Rolling Stone Blues», idet det dagsferske albumet til The Rolling Stones tonar ut. Avslutninga er alt anna enn tilfeldig. Muddy Waters (1913–1983) spela inn låten, ein vri på «Catfish Blues», i 1950, og det har ikkje vore uvanleg å spore «Rollin’ Stone» tilbake til Mississippi-deltaet på 1920-talet.

Når Hackney Diamonds heilt på tampen feirar tradisjon og kontinuitet, skjer det med eit nikk til inspirasjonskjeldene som har vore viktige for bandet heilt sidan dei først kom saman for meir enn seks tiår sidan.

Det lyder som det skal, og «Rolling Stone Blues» kunne passa greitt inn mellom tolkingane på Blue & Lonesome (2016), førre plate frå bandet, men det som verkeleg gjer årets utgiving til stort nytt, er jo at dei for første gong sidan 2005 byr på nyskrivne songar. Korleis er kvaliteten?

Treffer blink

Rockaren «Angry» og gospelballaden «Sweet Sound of Heaven» har fungert som smakebitar, og førsteinntrykket desse gav, held seg i møtet med Hackney Diamonds: Om dette altså vert siste utgiving med nye songar frå denne kanten, og det vert det vel, går karane ut med stil.

Albumet er vesentleg betre enn A Bigger Bang, som altså kom for nesten to tiår sidan, og eg føretrekker det også framføre Bridges to Babylon (1997). Når det er sagt, er eg neppe åleine om på sikt å ville føretrekke å setje på nesten kva som helst slags plate The Rolling Stones laga på 1960- og 1970-talet framfor Hackney Diamonds. Det er eigentleg påfallande kor sentral plass bandet har hatt trass i kor lite nytt dei har kome med sidan 1980-talet ­– materialet frå gullalderen har vorte resirkulert endelaust og halde seg godt. Dermed ligg alt til rette for ein generisk reproduksjon av ein klassisk Stones-estetikk, med alt det inneber av tropar, riff, og fakter, og med det som mål treffer årets album blink.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement