Film

Rojal rebell

Vicky Krieps er topp i flott, feministisk og underhaldande kostymedrama med snert.

Vicky Krieps spelar hovudrolla som Elisabeth, keisarinna av Austerrike, som leid under forventingane samfunnet hadde til kvinner på den tida.
Vicky Krieps spelar hovudrolla som Elisabeth, keisarinna av Austerrike, som leid under forventingane samfunnet hadde til kvinner på den tida.
Publisert

Keisarinna Elisabeth av Austerrike (Krieps) lever eit keisamt liv når ho skal runde førti i 1877. Sterk sosial kontroll pregar tilværet bak fasaden med mannen, keisar Frans Josef I. Venleikstyranniet tyder svolt. Rørsler er under streng kontroll. Ikkje eingong forholdet til borna og oppsedinga får ho styre. Ho lever med tvangstrøye. Heldigvis er ho vrang og skamlaus.

Artig anakronisme

Corsage høyrer til sjangeren av kostymedrama om monarkar der filmskaparen legg meir vekt på visuell og tematisk leik enn på å freista legga fram ei keisam, «sann» historie om den historiske figuren. Det er frigjerande. Musikken bryt med tidsepoken. Den franske artisten Camille klinkar til med mykje stemningsfullt gull.

Elisabeth viser finger som om ho høyrde 2000-talet til. Anakronismane er kjekke detaljar heller enn dominerande trekk ved filmen.

Den austerrikske regissøren Marie Kreutzer har sjølv sagt at om Marie Antoinette av Sofia Coppola er pop, så er Corsage akustisk. Sjølv om Kreutzer ikkje er redd for stilla, har ho laga ein forrykande og feministisk film. Uttrykket er ikkje glatt, men slåande vakkert. Detaljane er delikate. Kalde fargetonar passar stemninga perfekt. Tematikken har rikeleg med tyngde, men Kreutzer balanserer med moro.

Keisarleg Krieps

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement