Bok

Ringreven Rem lagar ballade

Håvard Rem detonerer ei ladning krut han lenge har halde turt: ein veritabel kyrkjehistorisk kanonade av ei dikt­forteljing, med eit persongalleri som rommar både kristelege og kriminelle. Men framom alt feilbarlege menneske.
 

Håvard Rem er forfattar, lyrikar og gjendiktar.
Publisert Sist oppdatert

«Kyrkjehistorie, kva har eg med det å gjera?» Det spør gamle Goethe i eit dikt, som eit intendert ekko av Jesu krasse ord til mor si i det vidgjetne bryllaupet i Kana.

Men den bibelsprengde heidningen Goethe kjende si kyrkjehistorie langt betre enn dei fleste. Det same gjer Håvard Rem, som no kjem med si personlege vinkling med opphav i barndomens Sarons Dal.

Nakenscener

I min eigen Ryfylke-barndom i førre hundreåret var Bentein Baardsons Shakespeare-trilogi på Rogaland Teater eit tindrande ljos og fyrtårn på det mørke fastland. I Romeo og Julie strippa Baardson tenåringsparet frå Verona i nakenscener som var sjokkerande moderne regi på åttitalet (i alle fall i bedehusbyen), medan Håvard Rem som attdiktar blygt kledde dei forelska nudistane opp att i norsk språkbunad.

Den gongen påstod Rem at han var «gift med Shakespeare», men knapt nokon trudde heilt på denne ektestanden. Ringreven Rem er heldigvis meir mangslungen og mindre «monogam» enn som så, og sidan har me fått syn for segn: Rem har blåse nytt liv i både klassiske diktformer og meir folkeleg songlyrikk. Ja, med «arveleg last» som pinseven i yngre år har han sidan spreidd reine pinsevêret over den skrinne metriske samtidspoesien – dikt på «rim og rytme», med andre ord. Ein innsats som er all ære verd.

Og dette handverket tek han også no i bruk i den forteljande diktboka Kirkehistoriske ballader. Sjølv om det haltar litt for meg når eg samanliknar dei poetiske produkta med slike småjålete merkelappar i noteapparatet som «rimkrønikestrofe», «Heinestrofe», «Sinclairvise», «vagantstrofe» og så vidare. Derimot, og langt viktigare, er det ujålete og herleg sjarmfulle med Rem at han likevel ikkje går av vegen for slike komisk-flaue rim som du får hjå rapparen på hjørnet: «Han trenger ingen mellommann i Roma/ når nå kong Dan er vekket opp av koma». Eller kva med dette: «At vi fikk fjernet/ alt snakket om frelse/ har bedret vår ungdoms/ psykiske helse». Tru det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement