Rikfolk som kyrkjeutsmykking
Epitafium i Ørsta kyrkje, datert 28. juli 1703.
Foto: Martin Furseth.
Dersom Kjell Inge Røkke hadde hengt opp bilde av familien sin i kyrkja, ville det blitt spetakkel. Tidlegare ville det vore heilt naturleg. Fram til slutten av 1600-talet var det vanleg takst at store måleri dekorerte med store, utskorne trerammer pryda kyrkjerommet. Slike minnetavler skulle eigentleg setjast opp til minne om familien. Dette var ein effektiv måte å hevde posisjonen sin på. Dette vart særleg viktig dei gongene måleriet vart gitt kyrkja medan dei portretterte framleis var i live. Det var ikkje så sjeldan.
Ei slik minnetavle er framleis å sjå i Ørsta kyrkje. Her er den mektige jordeigaren og lensmannen Knud Nilsson Wig (d. 1703), kona Ragnelde Abelset (d. 1733) og borna deira. Måleriet vart sett opp då Wig døydde, og enka Ragnelde vart den første kvinnelege lensmannen i Noreg. Ho tok også over som kyrkjeverje og dreiv eigedommen og kjøpmannsskapet så godt at ho dobla den allereie anslege formuen sin dei siste tretti åra ho levde.
Minnetavla i Ørsta er ikkje signert. Slike tavler vart laga av målarar som reiste rundt for å utsmykke kyrkjer over heile landet.
Det er ikkje godt å seie om portretta liknar, eg har ikkje funne andre bilde av familien Wig. Sjølv om husbonden er mest detaljert skildra, er mora og døtrene best måla. Kvinnene er skildra med delikat hud og raude lepper, og dei har levande, individuelle trekk. Hendene held om blomar, eit symbol på at livet er kort.
Slike minnetavler viser høgtståande personar som var sterke i trua og fungere som rollemodellar for kyrkjelyden. Her spelte også ein talrik barneflokk ei viktig rolle, ei stadfesting på at ekteparet har gjort plikta si. Innan protestantisk lære var familielivet ein veg til frelse. Minnetavla i Ørsta skildrar også dei seks borna som døydde frå Wig og Abelset. Dette var etter tradisjonen, i vissa om at dei ville møtast att hos Gud.
Det var truleg ei trøyst for dei som sat på benkane, å sjå at også dei rike og gudfryktige miste mange av barna sine. På denne tida døydde framleis svært mange det første leveåret.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.