Film
Rik region av radaren
Norske kinogjestar kan tru at Latin-Amerika er ein spe filmregion, med berre éin film på kino i år.
Brasilianske Beatriz Seigner har tatt sterke, stilige val i debutfilmen.
Dei som ser mot USA, har kanskje likevel fått med seg at fire av dei fem siste Oscar-statuettane for beste regi har gått til latinamerikanarar, og at fire av de seks siste prisane for beste kamera òg hamna sør for Rio Grande. Beste framandspråklege film gjekk sist til Chile for En fantastisk kvinne. I Havanna kan ein kvart år i desember fråsse i filmane til dette Amerika som spirer frå sør.
Talenta
Roma til Oscar-vinnaren Alfonso Cuarón kjem ikkje på vanleg kino i Noreg, sidan meksikanaren har selt seg til Netflix. Kubanarane følgjer med, så køane var endelause på premieren i Havanna. Då kan det løne seg å sjå på debutantprogrammet for å sjå etter nye talent. Mange er stilsikre. Brasilianske Beatriz Seigner har tatt sterke, stilige val i Los silencios (Stillene), om offer for vald i Colombia. Ein annan brasiliansk debut er Los muertos y los otros (Dei døde og dei andre) av Renée Nader Messora og João Salaviza, som særeigent skildrar krahó-folket. Båe filmar rører seg vart i eit åndeleg felt mellom liv og død.
María Alché frå Argentina har laga ein framifrå første film med Familia sumergida (Senka familie). Utmerkt lyddesign, klaustrofobisk kamera og uklare liner mellom fantasi, draum og mareritt pregar det stundom muntre biletet av ei dame i femtiåra som mistar systera og skal halde familien samla. Jamaldra Nancy i chilenske Enigma av unge Ignacio Juricic Merillán skal på fjernsyn for å finne ut kva som skjedde då dottera døydde. Den tette skildringa av skokken med døtrer og tanter samla i frisørsalongen er staseleg.
Ikona
Programmet er òg spekka med etablerte namn. Den store cubanske filmskaparen dei siste tjue åra er Fernando Pérez. Han har saman med sveitsiske Laura Cazadora laga det heilstøypte historiske dramaet Insumisas (Uregjerlege), om ein sveitsisk lækjar som arbeidde aust på Cuba på 1800-talet. Ho var kledd som mann, stod steilt mot slavedrift og forelska seg i ei utstøytt kvinne. Utsøkt usømeleg, med flott foto og sunt historiesyn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.