Film
Richard sporvehjarta
Den store norske animasjonssatsinga flaksar stødig vidare.
Oskar Fjeldstad-Bergheim gir stemme til Richard Storken.
Foto: SF Studios
Richard (Fjeldstad-Bergheim) er ein spork, ein sporv som vaks opp blant storkar. Han har eit digert napoleonskompleks og blir rasande når dei eldre ikkje peikar han ut til å ta over som leiar før flokken skal migrere nord igjen frå Afrika til Europa.
Storkar
Richard stikk av aleine, men to venner flyg etter. I byen Ghardaia i Algerie møter trioen ein skadeskoten gjeng med sporvar som er fanga i evig juveljakt for ein tyrannisk påfugl og dei kua marabuane hans. Sporken tar opp kampen for fridomen.
Vetle Richard vil vere storkar. Sjølvhevding og egoisme er sentrale tema, som står i kontrast til samhald og vennskap. Den griske, bitre påfuglen er skurken, som attpåtil mobbar marabuane for å vere stygge. Ein lyt passe på flokken og familie sin.
Som migrerande sporv med ein fot i kvar av to bakgrunnar kan ein ta spirrevippen til inntekt for fordelane med å kombinere kulturar. Det er kraft i å spele på kunnskap frå fleire hald.
Ugler og kanari
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.