Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Rett og slett retorikk

Boka lukkast godt med å vise kor direkte klassisk retorikk kan vere til nytte for alle som talar og skriv, høyrer og les.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gjert Vestrheim er professor i gresk ved Universitetet i Bergen, der han òg underviser i retorikk.

Foto: Universitetet i Bergen

4600
20181130
4600
20181130

Sakprosa

Gjert Vestrheim:

Klassisk retorikk

Dreyers forlag

Denne boka er ei innføring i den klassiske retorikkens grunnleggjande omgrep. Men målgruppa er ikkje dei som berre ønskjer kunnskap om faget. Boka vender seg til dei som vil nytte retorikken, anten dei vil tale sjølve eller dei vil lære seg å vere kritiske til andre sine taler. Og kven ønskjer ikkje å vinne diskusjonar og avrøystingar? Og å avkle ein meiningsmotstandar den retoriske bunaden?

Mange bøker tilbyr hjelp til slikt – utan det klassiske innslaget. Men Gjert Vestrheim er klassikar og ekspert på gamalgresk. Han vil bevisstgjere og dyktiggjere lesarane sine ved hjelp av teoriar og termar som i hovudsak vart utarbeidde av grekaren Aristoteles på 300-talet f.Kr. og romaren Quintilian på 100-talet e.Kr.

Godt grep

Dette grepet fungerer særs vel i denne boka. Det gode gamle retorikkfaget og det antikke «systemet» viser seg å høve rett så godt som grunnlag både for praktikaren, som sjølv vil bli ein betre talar, og for kritikaren, som helst vil gjennomskode andre. At det er slik, kjem, som Vestrheim seier, av at dei observerbare faktaa i retorikkfaget – munnleg og skriftleg språkbruk og argumentasjon i skrift og tale – er dei same no som for to tusen år sidan. I fag som astronomi, biologi og medisin, som har gjennomgått store omveltingar, ville det vere meiningslaust å skrive ei innføringsbok basert på antikke kjelder.

Boka serverer lesaren sentrale delar av den klassiske retorikken i eit nøtteskal, med rikeleg bruk av det tekniske ordtilfanget som høyrer faget til, og som vi har dels frå gresk, dels frå latin. Etter at innleiingskapittelet har gjort eit sveip gjennom heile retorikkhistoria, drøftar Vestrheim eit par grunnleggjande retoriske omgrep og
dinest dei tre klassiske talesjangrane og tre av retorikkens tradisjonelle fem «delar»: å finne, ordne og utforme stoffet.

Lett å fordøye

Hovudbolken av boka gjeld dei tre overtalingsmidla etos, patos og logos, altså dei ressursane som ligg i talaren (sjølvframstilling), i tilhøyrarane (kjenslene) og i saka sjølv (argumentasjon). Eit eige kapittel gjeld inndelinga og særleg krava til ei god «forteljing»: at ho skal vere kort, klar og truverdig. Boka tek til sist opp språk og stil. Språket skal vere korrekt, klart, «pynta» og passande. Mest handlar det her om tropar og figurar. Dette høyrest kanskje mykje ut, og ganske gresk. Det er ikkje til å kome ifrå at teksten nokre stader blir litt tett og teknisk, ikkje minst når alle tale- og tankefigurane vert presenterte og kategoriserte: frå homoioteleuton via prosopopoiia til aposiopese.

Men informasjonsmengda er lett å fordøye. Språket er klart – det skulle berre mangle i ei slik bok. Framstillinga er godt disponert og proporsjonert, med nokre overraskingar som viser Vestrheims personlege grep om stoffet. Ein har sjeldan kjensla av at dette er enda ei gjennomkøyring av velkjent stoff. Og boka lukkast godt med hovudmålet: å vise kor direkte den klassiske retorikken kan vere til nytte for alle som talar og skriv – og høyrer og les.

Lærerik

Ikkje minst kjem dette av mengda med treffande døme i boka, frå livet og frå litteraturen. Dei – og av og til Vestrheims kommentarar – gjer boka reint underhaldande. Nokre få døme er frå moderne taler (Churchill), nokre få frå antikke (Cicero, Demosthenes). Men dei aller fleste er frå vanleg daglegtale eller dagens debatt. Serleg etoskapittelet trur eg kan få mange til å tenkje nærare over korleis dei ter seg eller bør te seg når dei talar eller kommuniserer, og til å sjå nøyare på mang ein politikar og samfunnsdebattant. Gjennom heile boka kan ein lære seg gode og dårlege måtar å bruke seg sjølv og språket på.

Vi lever ikkje i det athenske demokratiet, og retorikken er ikkje berre for det tala ordet. Og slett ikkje i denne boka, som ikkje berre er for «talarar». Vestrheim lèt til og med vere å behandle to av retorikkens fem kanoniske delar: utanåtlæring og framføring. Fleire andre sider av den klassiske retorikken vert heller ikkje dekte, som statuslæra og deklamasjonsvesenet, og den retoriske pedagogikken. Og kva med etikken? Kor går grensa for kva ein kan tillate seg? Er ikkje retorikk også manipulasjon?

Men ikkje alt høyrer heime i ei innføringsbok. Vestrheim har skrive den boka han ville skrive. Det har blitt ei god bok.

Øivind Andersen

Øivind Andersen er professor emeritus i klassisk filologi ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vestrheims kommentarar gjer boka

reint under­haldande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis