Musikk
Retrofuturistisk maskinvaremusikk
Remute lagar ambient, techno og new wave med og for spelmaskiner frå 80- og 90-talet.
Hald deg fast om du er overraska over kassettens retur: Hamburg-produsenten Remute gir ut musikk i format som kan spelast av på gamle TV-spelmaskiner. Eit avgrensa opplag av to utgjevingar, The Cult Of Remute til Super Nintendo og Technoptimistic til Sega Mega Drive, kan for tida førehandsbestillast hos utgjevaren Strictly Limited Games. For stereoanlegg utan gamle spelmaskiner finst musikken òg på vanlege format som minidisc og VHS – pluss CD, nedlasting og strøymetenester.
Medan selskap som Meta dyttar ofselege framtidsvisjonar på oss med instagramintegrerte Ray Ban-briller og tafatte Foo Fighters- og Justin Bieber-sceneproduksjonar i «metaverset», gjer det godt med ein dose retrofuturistisk framtidsoptimisme.
Technoptimistic er laga med og for maskinvare frå før CD-ROM-alderen. For å ikkje fylle den avgrensa lagringskapasiteten til kassettane med innspelt musikk, blei musikken til spela koda slik at lydbrikkene innebygde i maskineriet kunne spele han av i sanntid. Brikkene er frekvensmodulasjons-synthesizerar i stand til å gi frå seg eit enormt spekter av lydar ved hjelp av kløktige justeringar, og Remute har stålkontroll. Dei pratande robotstemmene er særleg imponerande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.