Kunst
Restaurert etter 450 år
Konservering av «Nattverden».
Nonna Plautilla Nelli (1524–1588) frå Firenze er den første kvinna som måla «Nattverden». Verket frå 1560-åra er heile to meter høgt og sju meter langt. Trass i storleiken har verket ein elegant, heilskapleg komposisjon. Renessansemåleriet er praktfullt utført med breie og sikre penselstrøk kombinert med ein stor detaljrikdom. «Nattverden» er eit hovudverk, og det hang i Nellis eige kloster, Santa Caterina. Det er lett å tenke på klosterlivet som hemmande, men Nelli og medsøstrene fekk mykje større fridom til å utfalde talentet enn gifte kvinner. Ho var sjølvlært, det var forbode for kvinner å ta timar i anatomi. Som nonne hadde ho høve til å vie livet til å skildre religiøse scener og lære opp andre kvinnelege kunstnarar.
Plautilla Nelli levde i ei kunstnarleg blomstringstid, samstundes med kunstnarar som Michelangelo, Tizian og Tintoretto. Måleria hennar var svært ettertrakta, ho er også ei av svært få kvinner som vert nemnd av Vasari (1511–1574), ein av dei første kunsthistorikarane. Sjølv om ho var kjend i samtida, er det ein tendens til at kvinnelege kunstnarar vert gløymde når dei døyr. Slik også med Nelli. Seinare vart «Nattverden» rulla opp og lagt på lager. Verket var lenge som viska ut av det kollektive minnet. Då verket vart gjenoppdaga for nokre år sidan, var det i ferd med å bli øydelagt av fuktskadar. Organisasjonar som Advancing Women Artists, som arbeider med å løfte fram gløymde kvinnelege kunstnarar, fekk i stand ei omfattande folkefinansiering for å redde verket. Det tok heile fire år før verket fekk att fargeprakta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.