Film
Republikken kjempar tilbake
Verdas største filmunivers er tilbake, med uventa emosjonell tyngde.
Star Wars: The Last Jedi er åttande film i serien.
Foto: Film Frames Industrial Light & Magic / Lucasfilm
I ein galakse langt, langt borte går det framleis føre seg ein kamp mellom det gode og det vonde. Star Wars er tilbake, og det er berre å lene seg attende i kinostolen, ta på seg dei popkulturelle brillene og bli med på ein romferdsodyssé med tung filmhistorisk ballast.
Lang ferd
Innleiingsvis har Republikken kniven på strupen. Prinsesse Leia Organa (Fisher) leier no ei motstandsrørsle i sterkt mindretal, og ser ut til å møte endelykta då The New Order med general Hux (Neeson) sporar dei opp og ladar kanonane. Piloten Poe (Isaac) har derimot noko han skulle sagt først, og gir med det Republikken – og filmen – litt lengre levetid. Ganske mykje, skal det vise seg, for dette er to og ein halv time med romleg underhaldning, som på vegen sveipar innom litt for mykje til at eg verkeleg kan friskmelde nye Star Wars. Likevel er det mykje å glede seg over her, og den nye regissøren Rian Johnson har jamt over eit betre og meir originalt grep over filmuniverset enn det J.J Abrams hadde med The Force Awakens (2015).
Skurk med historie
Star Wars: The Last Jedi er åttande film ut i verdas største og viktigaste filmserie. Etter at skaparen sjølv, George Lucas, traumatiserte fleire generasjonar filmentusiastar, oppflaska på dei første Star Wars-filmane, med den utskjelte prequel triology (oppfølgartrilogien frå 1999–2005), var The Force Awakens den store attendekomsten. Heilt frå han dukka opp i førre film, har Adam Drivers Kylo Ren-karakter nærast på eiga hand gjort botsøving for prequelfilmane og det dei prøvde å få til med for eksempel Anakin-rollefiguren. I både The Force Awakens og The Last Jedi uttrykker Driver kva Anakin og Kylo Ren handlar om: ein ung, forvirra mann med ei dragning mot den mørke sida. Driver er det store høgdepunktet også i denne filmen, ein klassisk skurk, men med ei historie som gjer det mogleg å forstå det motsetnadsfylte i han.
Relasjonelle problem
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.