Renessansefyrsten
Ein ny biografi om Kristian II har fått varm mottaking i Danmark. Han fortener mange lesarar her til lands òg.
Lucas Cranach: «Kristian II», etter 1523. Kongen ber habsburgarordenen Det gylne vlies.
Lytt til artikkelen:
Biografi
Lars Bisgaard:
Christian 2.
En biografi
Gads forlag, København 2019
Kristian vart konge av Danmark og Noreg då faren, kong Hans, døydde i 1513. Han arva òg eit krav på den svenske trona og ein moderne krigsflåte som skulle setje makt bak kravet. Både far Hans og bestefar Kristian hadde vorte hylla som kongar av Sverige, men jaga ut etter få år på trona.
Målet for Kristians kongsgjerning var dimed klart frå første dag: Først galdt det å vinne att Sverige og nøytralisere den mektige hansabyen Lübeck, som var Sveriges allierte. Dinest skulle han vengeklippe stormennene, ta kontroll over kyrkja, sentralisere handelen hjå byborgarskapen og makta hjå seg sjølv, skape eit profesjonelt, kongetru embetsverk og erstatte valkongedømet med arverett. Det var eit heilt ut moderne program, og Kristian var ein mann av si tid.
Dyveke
Det diplomatiske grunnarbeidet var solid. Keisarens eigne domarar hadde stadfesta at dei svenske opprørsleiarane var forrædarar og fredlause, og den svenske riksforstandaren Sten Sture var bannlyst av paven. Dessutan vart Kristian gift med habsburgarprinsessa Elisabet, syster til keisar Karl V, og med henne følgde ein lovnad om pengar til krigen som venta. Då han invaderte Sverige i 1517, var landet isolert og underlagt økonomiske sanksjonar, medan Kristian handla på vegner av det internasjonale samfunnet.
Likevel drog krigen i langdrag. Ein grunn var at habsburgarpengane ikkje kom slik dei skulle. Tilhøvet til svigerfamilien vart vanskeleg frå første stund, fordi dei kravde at Kristian skulle kvitte seg med elskarinna Dyveke. Slikt var elles ikkje grunnlag for diplomatiske kriser, og Bisgaard argumenterer for at årsaka var at Dyveke opphavleg var ei vanleg prostituert, og at mora Sigbrit i røynda ikkje var Dyvekes mor, men ei bordellmamma. Mellom anna peiker han på at Dyveke («vesledua») er eit typisk horenamn.
Dyveke døydde i 1517, men frå same tid vart Sigbrit ein viktig person ved hoffet, som finansrådgjevar for kongen, hoffmeisterinne og integreringskonsulent for dronninga, medisinsk rådgjevar for begge og jordmor for borna til kongeparet. Til liks med dronninga var Sigbrit frå Nederlanda, dei to snakka same språk og fann tydelegvis tonen, til ergring for Elisabets familie.
Kort prosess
I 1520 lukkast Kristian med å erobre Sverige, men prisen var høg og måtte betalast av ekstraskattar og ein meir omfemnande toll på skipsfarten gjennom Øresund. Slikt skaffa Kristian uvener både heime og ute, men han hadde framleis grepet om makta, og det skulle sikrast: Eit par dagar etter kroninga i Stockholm vart ein stor del av den svenske eliten avretta på Stortorget etter ein summarisk rettargang, i det som vart heitande Stockholms blodbad.
I Sverige har kongen sidan vore kjent som Kristian Tyrann. Svigerfamilien kalla han Nordens Nero. Formelt vart svenskane dømde for kjetteri, men det var klart at det juridiske grunnlaget vanta. Kristian var komen til Sverige som representant for ein internasjonal rettsorden, men hadde sjølv sett seg ut over lov og rett. Saka vart ikkje betre av at to av dei avretta var biskopar; slikt førte til internasjonal fordøming «akkurat som overfald på FN-delegerede gør det i dag», skriv Bisgaard. Kristian forstod snart at utreinskingane hadde vore eit feilgrep, og i eit brev til paven lét han som om dei to biskopane var omkomne ved ei ulukke. Det var rein desinformasjon for å vinne tid før sanninga kom ut.
Eksil
Kristian fekk alle mot seg. Svenskane gjorde opprør og kåra Gustav Vasa til konge. Lübeck og Danzig gjekk til krig. Frå habsburgarane var det inga hjelp å få. Kassa var tom. Og då adelen og bispane i Jylland samla ein hær mot han, gav han opp. I april 1523 drog han i eksil i Nederlanda, og riksrådet valde farbroren Fredrik til ny konge. Kristian søkte revansj, men eit hærtokt til Noreg enda med fiasko, og resten av livet sat han som fange på danske slott.
Kristian er ofte blitt forstått, psykologisk, som offer for sitt eige «vanskelege sinn». Bisgaard avviser slike tolkingar: Kristian var omsynslaus, men rasjonell; han hadde «en sjælden evne til at se hvad der rørte sig i tiden»; han vog grannsamt for og imot og kunne difor vere treig i avtrekket, men når avgjersla først var teken, såg han seg ikkje attende.
Bisgaard skriv godt, han kjenner materialet og han set Kristian inn i ein større kontekst, politisk og kulturelt: «Ingen, nej, ingen dansk konge har haft adgang til kunstnere af samme kaliber.» Kristian forstod seg på å bruke media, både dei trykte og dei måla, og vart avbilda av mellom anna Dürer og Cranach. Som rimeleg kan vere, er også boka utstyrt med mange, gode og velvalde illustrasjonar.
Gjert Vestrheim
Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag ved Universitetet i Bergen og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kristian fekk alle mot seg.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.