Bok
Reiseguide til helvete
Det er ikkje lett å velje mellom dei to nye og vidt ulike gjendiktingane av Dante.
Portrett av Dante, ei freske i Palazzo del Giudici i Firenze.
Foto: Wikimedia
Koss i all verda skal ein gje att Dante på norsk? Ikkje berre er universet som vert skildra, mektig og framandsleg og fullt av teologi og filosofi, med eit innhald som gjorde Dante til den fyrste eksilforfattaren, som Trond Berg Eriksen har sagt. Det farlege med verket var – og er kan hende framleis på noko vis – at trass i lån frå eldre visjonsdikting er dette ikkje fyrst og fremst ein mystisk visjon, men eit intellektuelt byggverk, eit tankesystem. Inspirasjonen er dels å finne i Aeneiden av Vergil; skrømtet hans vart jo turistguiden gjennom helheimen.
Framandsleg
Om visjonen ikkje er mystisk, vil ikkje det seie at Dante jamt er lettskjønleg. Mangt kan tolkast ulikt, og ikkje minst er tilhøvet mellom rytme og dette som Erik Ringen omtalar som det musikalske, på den eine sida, og tankekonstruksjonane på hi, ikkje så handfritt å få til.
Det finst to norske omsetjingar av Den guddommelege komedien, éi i utdrag av Henrik Rytter og Sigmund Skard frå 1965, med eit mektig og nok for mange moderne lesarar noko framandsleg språk – som eg for min del gjerne kan vere glad for, det vekkjer til live andre tankar enn om teksten er motstandslaus. Den fyrste fullstendige omsetjinga til norsk var av Magnus Ulleland, ferdigstilt i 1996. Opphavleg hadde Rytter laga omsetjinga si under krigen, og han hadde halde seg strengt til rimmønsteret. Skard justerte dette ein del då han tok opp att manuset, og gjorde dermed verket noko lettare språkleg tilgjengeleg. Magnus Ulleland gav opp rimmønstra, men fekk til gjengjeld eit ledig, om enn òg noko gammalvore språk som gjer seg godt i lydboka Cappelen Damm gav ut i 2009.
Vidt ulike val
Her har dei to ferske gjendiktarane òg hatt overmåte mykje arbeid, og dei har valt ulikt med omsyn til kor strenge dei er med det lyrisk-musikalske. Vala gjev to nokså ulike tekstar. Løysingane til Ringen legg meir vekt på å forme eit godt versemål, noko som gjer det naudsynt å veksle mellom former på norsk, og å markere lesemåtar av ord som elles bryt rytmen og melodien. For meg tykkjest det at vala til Ringen har skapt ein velflytande, god «tekstmelodi», som verkar songbar, og som i alle høve kjennest god å lese. Det har òg gjort at mange passasjar er mindre døkke, for Ringen har teke seg den fridomen å halde på meininga av strofene innanfor kvar tersin (tre liner), slik at tersinen til saman dekkjer forståinga. Det musikalske og forståinga er viktigast for Ringen, og dermed har han vore varsam med å fylle på med forklåringar av teksten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.