Musikk
Redsla for jul hos tante Gerd
Tønes med vener har laga ei plate som tek jula på alvor og skjemt.
Frank Tønnesen og Ingvar Hovland (t.h.) har med seg Sigfrida og Johanne, høvesvis Irene Immerstein Tønnesen og Jane Stene.
Foto: Tommy Ellingsen
Denne juleplata kjem frå motvind og regnvêr i sørvest, der kvit jul berre er noko dei syng om i innlandet og i Amerika. Så dette er jula som røynd, ikkje som draum.
Det er ei stund sidan sist me høyrde frå Sokndals store son Frank «Tønes» Tønnesen, iallfall i albumformat. Men her er han tilbake slik me kjenner og saknar han, med fleire viser om vrange matfikserte mannfolk, og omsorgsfulle skildringar av gamle damer.
Utgangspunktet for denne plata er juleførestillingane Tønes har hatt gjennom 20 år, mest i lokalområdet, saman med fast kompanjong og tekstforfattar Ingvar Hovland. Songar herfrå, og nokre nye, er spelte inn i studio, med tilbakehalden produksjon av Frode Strømstad, med dei markante og staselege kordamene Sigfrida og Johanna, og med skimrande vakre detaljar frå den faste medspelaren Anne-Lise Frøkedal på gitar og vokal.
Til dømes på «Den blankaste stjerno», Hovland og Tønnesens bod på ein ny julestandard, eit oppriktig og vellukka forsøk på å seie noko fint om jul og lys og håp i ei mørk tid. Den kjem midt i ei rad songar om gåvepress, sosial kontroll og skikk og bruk-problem i jula. Vi har alle vore der, i frykta for julaftan utan brennevin hos tante Gerd, eller i dilemmaet om ein skal la Gunhild og Kåre overnatte til fyrstedag («det va kåna sitt forslag, ikkje mitt»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.