Redningsvestar i København
Ai Weiwei: «Soleil Levant», 2017. Kunsthal Charlottenborg.
Foto: David Stjernholm
I ei årrekke har den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei laga djupt samfunnskritiske verk om katastrofen i Middelhavet. Eitt av verka vart laga spesielt for Kunsthal Charlottenborg i København. I 2017 barrikaderte han alle vindauga i fasaden til kunsthallen med 3500 redningsvestar. Vestane var samla frå menneske som kom i land på den greske øya Lesbos. Dette stod i kraftig kontrast til det fornemme, polerte miljøet på Nyhavn.
Det symboltunge kunstverket fekk enorm merksemd og eit uventa etterspel. I desse dagar er den travle kunstnaren attende i Danmark. Weiwei har gått til sak mot den danske importøren av Volkswagen. Dei har brukt kunstinstallasjonen som bakgrunn i ein stor kampanje for den nye bilen sin, ein Golf like oransje som vestane frå Middelhavet.
Dette er truleg gjort i tankeløyse. Men samanstillinga er så usmakeleg som ho kan bli.
Ein skulle tru kampanjen var ein happening av Weiwei, iscenesett for å syne kor lite vi bryr oss om lidingane til dei som er på feil side av gjerdet. Men slik er det ikkje. Attpåtil har selskapet stilt seg heilt avvisande til krava frå kunstnaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.