Real reunionTidlegare jugoslavar har saman laga ein flott film om såra sine.DRAMARegi: Alen Menn skal

Tidlegare jugoslavar har saman laga ein flott film om såra sine.

Regissøren balanserer dei naudsynte nyansane i skildringa av det balkanske blodbadet briljant.
Regissøren balanserer dei naudsynte nyansane i skildringa av det balkanske blodbadet briljant.
Publisert

Slovenske Ivan jobbar for eit fredssenter og har samla ti karar med seinskadar frå krigane som splitta Jugoslavia, på eit serbisk hotell for forsoning. Veteranane er ein variert gjeng. Det glir ikkje godt når ein kristen kroat delar rom med ein muslimsk bosniar, sjølv om båe skular på serbarane.

Stor røynsle

Alle har djupe sår, anten av skrekk, skuldkjensle eller båe delar. Det blir mykje nervar, røyk, sprit og utbrot. Filmen slår hardt og vekslar mellom konfrontasjon og omsorg. Formatet er medrivande, og figurane utfyller kvarandre. Rollelista er rå. Her ruvar ringrevar med serbiske Isakovic, kroatiske Lucev og bosniske Hadžihafizbegovic i spissen. Eigne erfaringar hjå skodespelarar som sistnemnde gjev dramaet sterk intensitet. Debutantregissøren Alen Drljevic har òg eiga erfaring frå både krigen og forsoningsforsøk. Som filmskapar gjekk han i god lære hjå Jasmila Žbanic på mellom anna gullbjørnvinnar Grbavica.

Sterkt samarbeid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement