Film

Raske pengar

Reklamefilmen F1 er teknisk topp tull.

Damson Idris og Brad Pitt som høvesvis Joshua Pearce og Sonny Hayes i filmen om formel 1.
Publisert Sist oppdatert

Sonny (Pitt) fartar rundt i bubil og køyrer ulike race. Han er betre enn alle, men det er fleire tiår sidan tida som supertalent i formel 1. No hankar gamlekompisen Ruben (Bardem) han inn for å bruke gamle triks for å hindre at eit hanglande lag rundt den lovande Joshua (Idris) får fyken av styret. Det krev samarbeid.

Sirkus

Både Brad Pitt og Damson Idris flyt på sjarmen i dei sentrale rollene. Elles får vi alt frå sterkt nærvær av Sarah Niles til uvant overdrivne manerar av Kim Bodnia. Forteljinga er føreseieleg fjas. Spenningskurva frå Hollywood er hogd i stein. «Vi kan ikkje vinne om vi ikkje prøver», seier Sonny. Manuset er fullt av overtydelege replikkar. Når eg synest bilpraten er teskeiprega, er det i meste laget. Ein romantisk omveg er overraskande lite overraskande.

Her er det spetakkelet som tel. Kameraet er meisterleg styrt av Oscar-vinnar Claudio Miranda. Bilentusiastar kan gle seg til scener som knapt står tilbake for Flåklypa Grand Prix. Pulsen er høg. Lyden er massiv, frå motorbrøl til eit tettpakka musikkprogram. Pitt-generasjonen får sitt med Led Zeppelin, ZZ Top og AC/DC, medan den yngre garde får sitt med folk som Charli XCX, Kendrick Lamar, Burna Boy.

Når alvoret krev det, finn Hans Zimmer fram alle strykarar og blåsarar som finst. Formel 1-fans set sikkert pris på grafikk med tal frå panel og løypeoversikt, med full kok i taktikkbua. Ei mengd ekte stjerner har små roller som seg sjølv, frå Lewis Hamilton til Max Verstappen. Filmen er absolutt ein del av sirkuset deira.

Produkt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement