Bok

Råskapens ansikt

Nattsvermer er ein fascinerande roman som mellom anna kastar lys over sovjetiske slaveleirar.

Katja Kettu braut gjennom internasjonalt med romanen Jordmora.
Katja Kettu braut gjennom internasjonalt med romanen Jordmora.
Publisert

I mars 2015 forsvann plutseleg Vladimir Putin frå mediefokuset i fleire dagar. Ingen visste kor han var, og det oppstod luftige spekulasjonar om palassrevolusjon, alvorleg sjukdom, elskovsferie med sportsgymnasten Alina Kabajeva – you name it. Da han dukka opp igjen, var det framleis fritt fram for spekulasjonar, noko Katja Kettu, den nye stjerna i finsk samtidslitteratur, veit å dra nytte av i romanen Nattsvermer.

Men sjølv om Putin lurer i kulissane eller svevar over tekstlandskapet som bakgrunn for ein storpolitisk thriller, er Nattsvermer framfor alt ein eksotisk og ambisiøs roman om makt og avmakt, kjærleik og svik i tida mellom 1937 og 2015.

Dramatisk flukt

Opptakten er ei dramatisk flukt frå finske Petsamo over grensa til Sovjetunionen. 15-årige Irga Malinen ventar barn med ein russisk agitator. Ho trur han vil ta vare på henne, men i staden blir ho arrestert og dømd til 25 år straffarbeid. Dermed startar ei sjokkerande historie om mishandling, utnytting, fornedring og ein sterk vilje til å overleve i ein av dei verste Gulag-leirane i Sovjet, Vorkuta i republikken Kemi. På mirakuløst vis overlever Irga, takka vere sjelevennen Elena Mikhajlovna, som har ei eiga evne til å manøvrere i bandittregimet som dominerer leiren. Offisielt døydde Irga i Vorkuta i 1954.

Elena kjem frå den finsk-ugriske minoriteten mari i regionen Mari El ved Volga, og handlinga frå 2015 er lagd til landsbyen Lavra i denne regionen. Dit kjem den finske folkeminnegranskaren Henrik Malinen på jakt etter opplysningar om si eiga mor. Det kostar han livet. Dottera Verna vil vite kva som har skjedd, men ingen vil snakke eller forklare av frykt for eitt eller anna som skjuler seg i fortidas mørke og har noko med Vorkuta og dei to barna som Irga fødde der, å gjere. Meir treng ein ikkje røpe av sjølve handlinga.

Rått, sanseleg språk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement