Bok

Rapport frå helvetet

Sara Omars forteljing er eit skrik.

Romanen til kurdaren Sara Omar som flykta til Danmark i 2001, kom ut på dansk i 2017.
Romanen til kurdaren Sara Omar som flykta til Danmark i 2001, kom ut på dansk i 2017.
Publisert

Vi er mange som med skrekkblanda fryd følgjer serien The Handmaid’s Tale – fryd fordi serien er god, skrekk på grunn av temaet. Dystopien om det kvinnefiendtlege framtidssamfunnet Gilead har fått ekstra merksemd og suksess på grunn av #metoo-kampanjen. Serien viser eit samfunn der kristenfundamentalistiske krefter og tendensar i USA har overteke makta konstitusjonelt og mentalt. Det Kurdistan som blir skildra i Sara Omars roman, er styrt av muslimsk mellomaldermentalitet og ei brutal røynd – eit samfunn så gjennomsyra av ein patriarkalsk æreskultur at ei småjente kan bli drepen på det mest groteske vis, attpåtil av far sin, for å vere så uheldig at ho får menstruasjon medan ho syklar.

Ein drope i eit blodhav

Frmesk – namnet tyder «tåre» – blir fødd i Irak ei stormfull natt i 1986. Dette var tida då Saddam Hussein styrte landet mot storkrig og i tillegg gjekk til åtak på eige folk, særleg kurdarane. Frmesk veks opp hos besteforeldra. Bestefaren er den einaste av dei mannlege romanfigurane som står fram som sympatisk i boka, eit einaste lys i eit nesten ugjennomtrengjeleg mentalt mørke. Talande nok er han den einaste ikkje-muslimen. Bestemora er òg eit godt menneske. At ho vaskar lik før dei blir gravlagde, gjer henne både respektert og forfølgd i eit samfunn prega av overtru og sjølvjustis. I denne perioden har ho det spesielt travelt, og ho klarar ikkje skjerme vesle Frmesk for mangt eit grufullt syn. Det skal vise seg at ho heller ikkje greier å verne veslejenta for «slangen» som held til under eige tak.

I det andre tidsplanet i romanen følgjer vi Frmesk tretti år seinare, frå ei sjukeseng i Danmark. Vi får berre glimt av kva som har hendt med henne i mellomtida. Vi kan likevel setje saman brotstykka til ei soge tilsvarande dei vi etter kvart kjenner frå media: Jenter som er utsette for grov vald frå dei næraste, og som må leve med politivern fordi dei er forfølgde av mannlege slektningar som heilt konkret vil dei til livs.

Romanen skildrar alle tenkjelege typar av kvinne- og jenteundertrykking. Mange av scenene er så grufulle at ein mest ikkje orkar lese dei. For denne lesaren vart det difor ikkje først og fremst dei bestialske valdsskildringane, men dei litt meir stillfarne skildringane av urett som sit sterkast att: korleis far til Frmesk omsynslaust og udanna tar seg til rette overfor svigermora som har laga ein festmiddag til han som «smørjing», i håp om at han skal la henne få halde fram med å verje dotter hans mot han sjølv. Som mann har han all makt og ho inga. Eller scenene som viser korleis kvinnene sjølve tragisk nok held desse grovt undertrykkande strukturane oppe, og kvarandre nede.

Sjølv om våre heimlege #metoo-historier bleiknar mot dei langt meir brutale overgrepa i Kurdistan og Gilead, er det her desse tre sfærane kryssar kvarandre. Dei peiker på korleis patriarkat og kvinnehat kneblar og bind fast kvinner i så stor grad at sinnet deira blir forgifta. Slik blir det kvinnene som endar opp med skamkjensla over ugjerningar som det er menn og mannemakt som utfører.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement