RakkarunganeSean Baker innfrir med ei var og vakker skildring av ein brokete barndom.DRAMARegi: Sean Baker
Sean Baker innfrir med ei var og vakker skildring av ein brokete barndom.
Regissør Sean Baker fann Bria Vinaite til rolla som ung mor på Instagram. Brooklynn Prince er briljant som seksåringen Moonee.
Foto: Marc Schmidt / Norsk Filmdistribusjon
Seksåringen Moonee (Prince) har sommarferie. Ho rek rundt og driv rampestrekar med kameratane kring motellet dei bur på utanfor Disney World i Orlando. Mora Halley (Vinaite) er på ingen måte eit pedagogisk draumedøme. Ho har hovudsakleg lysskye inntektskjelder og akkompagnerer aggresjon med anarki. Dottera lærer respektløyse av mora. Styraren Bobby (Defoe) skal halde ting på stell på motellet. Han vaktar venleg, men strengt over borna og freistar fikse opp i straumbrot, slåstkampar og sal av sex.
Pastellpark
Sean Baker fekk mykje merksemd for Tangerine (2015), som var filma med smarttelefonar og likevel såg flott ut, ikkje berre frisk og skitten. The Florida Project er filma på gamlemåten med 35 mm film. Estetikken er eminent med eit ekte motell i pastellrosa og lilla omgjeve av absurde amerikanske butikkar og sumplandskap med sirissar. Varmt sommarljos og leikande uroleg kamera passar perfekt til å følgje barnestrekane. Lydsporet er prega av hiphop frå smarttelefon og salsa frå naboar. Omgjevnadene overtyder.
Det gjer skodespelarane òg. Frå ringreven Willem Defoe til faktiske forbipasserande turistar er alle truverdige. Barnestjernene er briljante, med magiske Brooklynn Prince i spissen. Baker fann Bria Vinaite til rolla som ung mor på Instagram, ein genistrek som speglar paletten han tar i bruk.
The Florida Project kan i miljø og stil seiast å vere ein slags variant av American Honey med born. Sjølv om verda til seksåringen er avgrensa, finst det store rom for utforsking og spenning. Trass i alt trøbbelet ho skapar, er Moonee full av uskuld og lever i søt uvisse om vanskane verda er full av.
Vi følgjer folk som freistar improvisere den amerikanske draumen utan midlar. Falske førestillingar om framsteg står i neonljos når mellombelse motell heiter Futureland. Halley har få illusjonar. Ho ser ikkje stort lenger enn neste husleige. Moonee ser fram til neste fantestykke, eventuelt neste is.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.