Konsert
Radiokontakt av tredje grad
Ein stad mellom bur, juletre og romskip står Radiohead og spelar for 17.000 menneske i København. Det burde kjennast kaldt og fjernt, men er forunderleg intimt.
Radiohead under skjermar. Thom Yorke til høgre, Ed O’Brien til venstre. Jonny Greenwood står bak Yorke, med gitaren på ryggen.
Foto: Tor Martin Bøe
Den britiske kvintetten Radiohead har vore på storturné dei to siste månadene. Skilnaden frå andre band som skal ut og spele, er at dei har arrangert konsertar med omvend premiss: Det er ikkje dei som flytter seg, det er publikum. Frå 4. november har dei spelt fire konsertar kvar veke i høvesvis Madrid, Bologna, London, København og Berlin. Sidan det er den tida på året, kan ein gjerne seie at publikum skriv seg inn i manntalet.
Ein turné som vart utseld på ein liten time. Anslagsvis nærare 380.000 billettar vart selde i eit system som kan ha inspirert utvalssystemet til den nye skatteordninga for unge som regjeringa står bak. Fordelen er at ein skulle ha verkeleg lyst til å gå på Radiohead-konsert for å få tak i billett.
Det kan ein merke på publikum i Royal Arena i København denne nest siste tysdagen før jul. I løpet av dei 140 minutta Radiohead spelar, er det gledeleg lite mas og barvandring i publikum. Det er meir som ei samling av 17.000 vener på konsert med favorittbandet.
Me står samla rundt ein sylinder med transparente veggar. Det kan minne om eit bur. Eit slikt som ein er usikker på om er meint å halde nokon inne eller stengje nokon ute. Det kan òg verke som ein slags karikatur av konseptet minimalistisk juletre.
Kjensla vert ikkje dempa av at buret i det siste kvarteret før konserten får ulike felt med ljos i kantane mens ein tone vert spelt. Ljoset sirkulerer rundt og rundt, alle i salen får sjå «sitt» panel ljose, med tilhøyrande jubel. Det kjennest som det lågaste nivået for begeistring: «Sjå – ljos!». Like mykje barne-TV som Spielberg-filmen Nærkontakt av tredje grad, når romskipet frå det ytre rommet og menneskeætta får kontakt gjennom musikk og farga ljos.
Ljos og romskip
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.