Bok

Psykologien i det å vente

Alejandro Zambra held lesaren fast i ei historie utan den slutten ein ventar.

Alejandro Zambra er ein prislønt forfattar.
Alejandro Zambra er ein prislønt forfattar.
Publisert

Alejandro Zambra, fødd i Santiago de Chile i 1975, debuterte som lyrikar i 1998, men slo gjennom internasjonalt i 2006 med kortromanen Bonsái, tett følgd av La vida privada de los árboles (Trærnes privatliv)i 2007. Han blei presentert på norsk i 2012 med Måter å komme hjem på (Cappelen). Så blei det stille fram til 2017, da Solum Bokvennen og omsetjar Øyunn Rishøi Hedemann fanga opp forfattarskapet med Mine dokumenter, Bonsai, Delprøve i språklige ferdigheter og årets bok, Trærnes privatliv. Seinare i haust kjem essaysamlinga Valgfritt tema.

Det prestisjetunge tidsskriftet Granta har peikt på Alejandro Zambra som ein av dei mest talentfulle spanskspråklege forfattarane i sin generasjon, og det har heller ikkje mangla på litterære prisar og nominasjonar.

Metafiksjon

Zambra skriv lett og elegant, uventa, originalt og poetisk og ofte innanfor ei ramme av metafiksjon der ein forfattar skriv om det å skrive den teksten du som lesar sit med i handa. Samtidig er han mangetydig og assosiativ, og han nøstar opp lause trådar og knyter dei saman i heilt kvardagsnære historier som likevel blir noko meir og utvida mot eksistensielle grunnvilkår for kjærleiken, kunsten og politikken. I Valgfritt tema seier han: «Alle bøker kan leses som et ønske om tilhørighet, eller som en benektelse av det ønsket.» Han har vakse opp under Pinochets diktatur og veit kva han snakkar om.

Årets bok kan godt lesast i skjeringspunktet mellom det å høyre til eller ikkje. Vi møter forteljaren Julián, gift med Verónica, som har dottera Daniela på åtte år. Heile teksten er basert på ventinga på at Verónica skal komme heim frå teiknekurset ho følgjer, og gjennom denne natta og den tidlege morgonen tenkjer Julián gjennom kvifor Verónica ikkje kjem heim, han tar opp forholdet til eksen Karla, sin eigen bakgrunn i chilensk middelklasse frå ein heim «uten lykke og uten fattigdom», og stillinga som universitetslærar og forfattar av ei bok om å stelle eit bonsaitre samtidig som han skriv om å skrive den teksten lesaren har for handa, der godnatthistoriene om Trærnes privatliv er ein del av dette komplekse mønsteret som også strekkjer seg langt inn i framtida, «slik at fremtiden kommer helskinnet fra nåtiden».

Tvitydig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement