Teater
Psykedelisk familiedrama – full guffe!
Ein brannfakkel av eit stykke glimrar satirisk og peikar mot ei uklår framtid.
Marika Enstad turnerer replikkane med brutal eleganse og er eit fyrverkeri i rolla som mor, skriv Bent Kvalvik. Lasse Lindtner spelar far.
Foto: Øyvind Eide
Den amerikanske allkunstnaren Taylor Mac fekk Den internasjonale Ibsen-prisen for to år sidan. Han er både dramatikar, skodespelar, dragartist, komponist og sikkert endå meir. At han fekk prisen, vart grunngjeve med at denne mannen står som ein lynskarp og glitrande fornyar av vår tids teateruttrykk.
Skodespelet Hen frå 2014, som etter ærefull internasjonal suksess no omsider har hatt noregspremiere, kan trygt gå som ei god kvittering for prisen. Som faste teatergjengangar er det mange av oss som kan bli slitne av trendar og gjentakingar, framsyningar som så gjerne vil vere originale, men eigentleg berre er moteriktige. Difor er det mest som vi hoppar i stolane når det brått kjem noko som faktisk er originalt. Ei slik framsyning er Hen.
Snudd på hovudet
I utgangspunktet er sjølvsagt ikkje familiedramaet noko originalt val som skodespelemne. Mest alle dei viktigaste stykka i verdsdramatikken er jo nett det. Men Taylor Macs familiedrama er nærast som ein cocktail av Lang dags ferd mot natt og Mot i brøstet, og kombinasjonen er mildast tala eksplosiv.
Vi kjem inn i ein heim som ser ut som eit søppelrom. Her møter vi ei utmaia mellomaldrande mor, ein slagramma, terrorisert far som er blitt sminka med klovnefjes og kledd i dameklede, ei(n) transseksuell – eller kva heiter det? – dotter/son og ein traumatisert son som kjem heim frå vond og fælsleg krigsteneste.
I eit familieunivers som opphavleg har vore klassisk, borgarleg, med autoritær far/ektemann og omsorgsfull mor/hustru og lydige born, er alt snudd på hovudet. Kvinna er vorten metodisk antihusleg, antiomsorgsfull, antimoderleg, mannen eit nærast umælande kryp, og generasjonen under har reagert på sitt vis. Den heimvende sonen er den som gjer opprør mot opprøret og går i knasande nærkamp med mor si.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.