Bok
Prydbok for NRKs sjakkpublikum
Den store sjakkboka er Torstein Bae i bokform, slik vi kjenner han frå NRK.
Torstein Bae er sjakkspelar og jurist. Han har kommentert sjakk for NRK sidan 2013.
Foto: Fredrik Arff
Meir enn å tilby store rettar byr Den store sjakkboka på smakebitar – eller med orda til forfattaren: ein invitasjon inn i sjakkverda, frå eit kjent menneske som har budd der ei stund. I forordet på fem–seks sider fortel Bae om si reise gjennom sjakken og livet, frå han som 7-åring fekk ein lapp om sjakk i skulesekken, til han nesten 40 år seinare har gjort det meste innan sjakk, inkludert å ha det som jobb på ymse vis. Bae tek utgangspunkt i sjakken han «sjølv har spelt, sett og lese om», men utover forordet har ikkje boka ei reindyrka sjølvbiografisk form; ho er primært ordna tematisk.
Lettlese språk
Boka kjem i stort format som høver for salongbordet, og språket er godt og lettlese. Stoffet er delt inn i fem hovuddelar, fordelte på 68 korte kapittel. Hovuddelane er opningar, taktikk, strategi, sluttspel og litt om «sjakkverda». Kvart kapittel innleier gjerne med ein anekdote, så følgjer forklaring eller definisjon av temaet, og til slutt to–fire sjakkdiagram med kommentarar. Som tapas fungerer dette godt, med passe små bitar.
Historiene i starten av kvart kapittel er i hovudsak knytte til temaet, og dei handlar anten om Bae sjølv eller om viktige personar innan sjakken: verdsmeistrar, pionerar og folk bak opningar og strategiske tema. Nokre gonger flettar Bae inn minibiografiar på ei knapp halvside, andre gonger er det artige fakta eller kuriosum. Det verkar også som forfattaren medvite har lagt vekt på å få med partidøme frå kvinnelege spelarar.
Prydbok
Personleg slit eg likevel litt med å få tak på prosjektet til denne boka. Bae seier sjølv i forordet at det ikkje er noka lærebok, men det er heller ikkje, som vaskelappen hevdar, eit «varig referanseverk». Til det har boka for mykje – og ikkje alltid like relevant – sjølvbiografisk materiale. (Ein joggetur frå Drammen mot Mjøndalen har strengt tatt ikkje noko med «bondestorm» i sjakk å gjere.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.