Musikk

Prøvesteinen

Beethovens tidlege strykekvartettar innvarsla viljen til å tøya sjangergrenser.

Festivalensemblet Quatuor van Kuijk i Riddarsalen i Rosendal.
Festivalensemblet Quatuor van Kuijk i Riddarsalen i Rosendal.
Publisert

«Det er som om ein høyrer fire fornuftige folk samtala», sa Goethe om strykekvartetten, ein sjanger som blei grunnlagd av wienerklassikaren Joseph Haydn og innan utgangen av 1700-talet var opphøgd til den edlaste og mest intellektuelle forma for kammermusikk. Den strengt firstemmige komposisjonsmåten med rein strykarklang (to fiolinar, bratsj og cello) er transparent og avslører straks eventuell komposisjonsteknisk veikskap. Dessutan skal (som skikken er i ein god diskusjon) alle dei fire fornuftige samtalepartnarane få koma om lag like mykje til orde – ei likeverdig handsaming av dei fire instrumentalstemmene krevst.

Wolfgang Amadeus Mozart tok seg førebilete i Haydns meisterverk då han komponerte sine kvartettar. Då Beethoven så kring 1800 fekk i oppdrag av den bøhmiske fyrsten Lobkowitz å levera eit halvt dusin av slaget, visste han om fallhøgda. Kvartettkomposisjon var ein prøvestein for dugleiken til unge komponistar. Etter tre år med hardt arbeid publiserte han i 1801 endeleg sitt opus 18 med dei seks fyrste kvartettane. Dette var hans kammermusikalske sveinestykke: Ikkje berre syner Beethoven her at han meistrar Haydns og Mozarts handverk fullstendig. Han tilfører òg musikken noko spesifikt beethovensk, noko søkjande og heilhuga som innvarsla viljen til å tøya sjangergrenser.

Allegro med eldhug

Me fekk høyra mange av Beethovens strykekvartettar i Rosendal i år, framførte av franske Quatuor van Kuijk. Det var dei store, kompositorisk og emosjonelt kompliserte verka som dominerte. Difor var konserten i Riddersalen førre laurdag eit kjenslemessig pustehol, med to relativt tidlege stykke som begge blei til då komponisten var i slutten av 20-åra, der det elegante og skjemtande formar grunnkarakteren.

Det fyrste stykket var Strykekvartett nr. 6 i B-dur, den siste kvartetten i opus 18. Quatuor van Kuijk spelte fyrstesatsen «Allegro con brio» i friskt tempo og med store dynamiske kontrastar. Formalt er dette er ein av dei klåraste, mest klassiske satsane frå Beethovens hand. Eksposisjonen (der dei to musikalske temaa blir presenterte) er pertentleg som hjå Haydn, melodikken er briljant som hjå Mozart og det tematiske arbeidet i gjennomføringsdelen (der dei to temaa blir varierte og kombinerte) er samvitsfullt utført.

Allegro med skjemt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement