Musikk

Prøvesteinen

Semperconsort spelar florentinsk fiolinmusikk.

Byprospekt (utsnitt) av Firenze, måla av August Ahlborn (1796–1857) i 1832.
Byprospekt (utsnitt) av Firenze, måla av August Ahlborn (1796–1857) i 1832.
Publisert Sist oppdatert

Eg blei overraska då eg sette dette nye albumet i spelaren og byrja å lesa i omslagsheftet. På framsida står det nemleg berre Veracini: Trio Sonatas Op. 1. Eg gjekk ut ifrå at musikken var av Francesco Maria Veracini (1690–1768), ein av 1700-talets fremste stjernefiolinistar, som òg laga framifrå kammermusikk. Men komponisten er altså onkelen hans, Antonio Veracini (1659–1733). At Veracini-familien var eit musikardynasti i Firenze, med fiolinvirtuosar gjennom minst tre generasjonar, var nytt for meg.

Florentinsk er også Semperconsort, der Luigi Cozzolino spelar fyrstefiolin. Ensemblet har no spelt inn Antonio Veracinis opus 1, som består av ti triosonatar for to fiolinar og basso continuo. Den sistnemnde stemma, ei besifra bass-stemme, har besetninga cello, teorbe (basslutt), cembalo og orgel. Triosonatar kan, som eit minimum, framførast av tre musikarar. Men Semperconsort nyttar altså dobbelt så mange, noko som gjer klangbildet kraftigare, og – ved å leggja til eller ta bort instrument – gjev høve til styrke- og klangvariasjonar.

Storhertuginne

Antonio Veracini stod i teneste hjå Vittoria della Rovere, storhertuginna av Toscana, og det var til henne opus 1 blei dedisert i 1692. Stilistisk minner musikken om den til Arcangelo Corelli, som var Italias mest kjende instrumentalkomponist kring 1700. Både Corelli og Antonio Vivaldi debuterte forresten også med triosonatar, i høvesvis 1681 og 1705, for forma blei sett på som ein prøvestein for unge komponistar.

Idealet i trioar er at dei to fiolinane skal spela ei likeverdig rolle, og om bass-stemma også får ta del i den melodiske utviklinga, er det endå betre. Berre godt skolerte tonekunstnarar greidde slikt.

Meir ornamentikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement