Musikk
Protestviser under blå himmel
Bergensk duo bringar ny von til visesjangeren.
Lovise Espeland og Jonathan Krabbe har med vidd på vidda. Eller vidden, som det heiter i Bergen.
Foto: Sjølvi
Inspirert av internasjonale rørsler som amerikansk folk-oppbløming og svensk visetradisjon vart visa synonymt med opprør også i Noreg på 1970-talet, før ho tapte det meste av den politiske krafta si til andre sjangrar og likesæle gjennom 1980- og 1990-talet.
På 2000-talet var den politiske visa ein punchline hos ironimeistrane Bård Tufte Johansen og Harald Eia på NRK, toppa av den nydeleg absurde bruken av «Sluttsang», i «Uti vår hage»-episoden med «Plystrekongen».
Songen av Klaus Hagerup og Sverre Kjelsberg, betre hugsa som «Ellinors vise», er den mest markante frå det einaste albumet til den nordnorske gruppa Ungdomslaget Ny Von. Ei utgjeving som òg tek for seg oljeboring nord for 62. breiddegrad, skulenedleggingar og arbeidsløyse. Mellom anna.
Bergensbandet Bare Folk er ikkje like konkrete som dette i tekstane sine. Det går likevel ei linje gjennom dei nær femti åra mellom Ungdomslaget Ny Von og dei. Bare Folk er både uvanleg fengjande, morosame og alvorlege – på same tid.
Saman med det ganske fiffige bandnamnet kjem det like delar kjepphøge og krunglete albumnamnet Noe tror jeg & noe vet jeg.
Små og gode stikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.